LU2-NOR415 Norsk 2b 5-10
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Innleiing
I norsk 2B held ein fram med litteraturhistorie for 1900-talet. Dette kurset har elles fokus på samansette tekstar og skriveopplæringa. Studentane skal få innsikt i skriveteoriar og skriving som ein grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Sakteksten og argumentasjon som ein viktig delferdigheit i skriving, vil vera vektlagt, og studentane skal få opplæring i skrivedidaktikk og skal prøva ut dette i eigen praksis. Studentane skal også analysera og vurdera samansette tekstar, og arbeidet med desse tekstane vil resultera i ei eksamensmappe. Det norske samfunnet er i ein multikulturell situasjon, og språket vårt og språkopplæringa er i endring. I tråd med dette vil norsk som andrespråk og sosiolingvistikk også vera viktige emne.
Fagleg innhald Norsk 2b, konkretisering av tema:
Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk i norskfaget. For fritak, sjå forskrift § 5.
Litteratur etter 1900: lyrikk, novelle, roman
Saktekstar etter 1900 med vekt på essay og artiklar
Samansette tekstar
Vidareutvikling av elevars skriveferdigheiter
Skriving i alle fag
Digitale ferdigheiter og rekning i norskfaget
Talemålsvariasjon, sosiolektar og ungdomsspråk
Norsk som andrespråk
Nabospråksdidaktikk
Læringsutbytte
- kunnskapar:
Studenten
- har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa etter 1900 og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk og historiske og lingvistiske endringsprosessar
- har kjennskap til språk som ungdom bruker
- har kunnskapar om andrespråkslæring
- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har kunnskapar om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)
- ferdigheiter:
Studenten
- kan lesa, analysera, tolka og samanlikna tekstar med omsyn til innhald, form og funksjon, og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering
- kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
- kan planleggje tilpassa undervisning til andrespråkseleven
- kan skapa gode haldingar til språkleg variasjon i ein multikulturell kontekst
- kan rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon
- kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- generell kompetanse:
Studenten
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
Krav til forkunnskapar
Minimum 15 sp Norsk, eller Norsk 1a
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 1 og Norsk 1b
Undervisnings- og læringsformer
Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Presentasjonar og seminarinnlegg, munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper. Bruk av øvingsrom. Tekstskaping og -vurdering. Praksisoppgåver.
Undervisning er obligatorisk med krav til 80 % oppmøte
Obligatorisk læringsaktivitet
- Godkjente obligatoriske oppgåver
Alle studiekrav spesifiseres i semesterplanen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen og muntlig mappepresentasjon
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatne på skriftleg eksamen, alle hjelpemiddel tillatne på mappepresentasjonen.
Meir om hjelpemiddel