MS1-304 Forskingsmetode
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i dei ulike fasane i forskingsprosessen, og studentane skal få inngåande kunnskap som gjer dei i stand til å planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt. Vesentleg her er kunnskap om ulike forskingsmetodar, og korleis ein kan planlegge, samle og analysere data innafor kvantitative og kvalitative studiar. Innafor kvantitative metodar vert strukturerte spørjeundersøkingar med grunnleggande innføring i statistisk analyse og bruk av statistisk programvare vektlagt. Innafor kvalitative metodar vert det lagt vekt på kvalitative datainnsamlingsmetodar som individuelt intervju, fokusgruppeintervju og observasjon, samt ulike metodar for analyse. Forskingsetikk og rolla som forskar er eit gjennomgåande tema. Emnet skal leggje grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne har/kan studenten
- inngåande kunnskap om dei ulike fasane i forskingsprosessar og ulike metodiske framgangsmåtar
- analysere og halde seg kritisk til metodologiske spørsmål og metodeval
- inngåande kunnskap om kvantitativ og kvalitativ forskingsmetode, databehandling og analyse
- planlegge, analysere og evaluere kvalitativt og kvantitativt forskingsarbeid
- kritisk reflektere over forskingsetiske problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Det er ein fordel at studenten har gjennomført dei føregåande obligatoriske fellesemna før dei byrjar på emnet.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel at studenten har gjennomført dei føregåande obligatoriske fellesemna før dei byrjar på emnet
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, skriftlege oppgåver, praktiske øvingar, sjølvstudium. Seminar med framlegg.
Obligatorisk læringsaktivitet
Individuell skriftleg oppgåve.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen. Gradert karakter A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel