MS1-305 Prosjektførebuing
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Dette emnet har fokus på å førebu studentane til å skrive masteroppgåve. Emnet vil gi innføring i ulike måtar å utforme eit prosjekt og kva element som må planleggast før ein startar eit forskingsarbeid. Studentane skal få trening i å beskrive, legge fram og diskutere kva som kan vere eigna tema og problemstillingar innanfor det området han/ho vil jobbe sjølvstendig med i siste del av studiet. Her inngår korleis problemstillinga legg føringar for val av design og forskingsmetode. Studentane vil få innføring i søknader til sentrale myndigheter (t.d Regionale komitear for forskingsetikk og Norsk samfunnsvitenskapelig datateneste).
Læringsutbytte
Etter avslutta emne har/kan studenten
- innsikt i betydinga av å planleggje eit forskingsprosjekt, samt kunne planlegge og utvikle eige forskingsprosjekt
- kunnskap om oppbygginga av og delane i ei prosjektbeskriving og korleis dei ulike delane heng saman
- kritisk diskutere og argumentere bakgrunn for og utforminga av ei problemstilling
- gje ei fagleg grunngjeving for korleis systematisk samle inn og handtere ulike typar data
- kunnskap om forskingsetiske spørsmål
Krav til forkunnskapar
Bør ha gjennomført emnet Forskingsmetode
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, sjølvstudium. Seminar med framlegg og diskusjon. Studenten får tildelt rettleiar til prosjektplanen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på seminar med framlegg av prosjektskisse
Vurderingsform
Individuell skriftleg oppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10 %. Greidd/ikkje greidd
Ved ikkje greidd vurdering er det høve til å levere ein forbetra versjon til vurdering