Hopp til innhald

PL413 Miljø- og forvaltningsrett

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Om lag 1/3 av emnet er ei grunnleggjande innføring i offentleg forvaltning retta mot forvaltningslova og offentleglova. Emnet tek elles føre seg sentrale lover og verkemiddel i norsk miljø- og naturforvaltning. Det vert lagt vekt på ei praktisk og yrkesretta tilnærming til stoffet. Studentane får innsikt i den praktiske kvardagen i deler av forvaltninga gjennom møter med representantar for offentleg forvaltning, og dei får øving i sakshandsaming.

Læringsutbytte

Kunnskap. Studentane skal ha:

  • kunnskap om juridiske grunnomgrep og offentleg forvaltning etter forvaltningslova og offentleglova:Rettskjeldelære og juridisk metode, reglane i forvaltningslova og offentlegheitslova om saksførebuing, habilitet, innsynsrett og klage.
  • kjennskap til mål, prinsipp og verkemiddel innafor sentrale deler av norsk miljøforvaltning
  • kunnskap om offentleg forvaltning etter naturmangfaldlova, miljøinformasjonslova, skoglova, viltlova, friluftslova, motorferdslelova, ureiningslova og vassdragslovgjevinga

Ferdigheiter Studentane skal kunne:

  • utføre offentleg sakshandsaming innanfor naturforvaltning

Kompetanse. Studentane skal ha god forståing av:

  • dei sentrale sakshandsamingsreglane i offentleg forvaltning
  • forståing for den rolla den offentlege forvaltninga har i samfunnet
  • forståing for mål og prinsipp for offentleg miljø- og naturforvaltning

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PL417 Arealplanlegging eller tilsvarande.

Kunnskap om økologi og miljøvern er ønskjeleg.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, seminar og oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

1. Individuell innlevering knytt til offentleg sakshandsaming etter forvaltningslova og/ eller offentleglova.

2. Deltaking på seminar om naturmangfaldlova med påfølgande innlevering , individuelt eller i gruppe.  

Godkjente  arbeidskrav er eit vilkår for å få gå opp til eksamen i emnet.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Bokstavkarakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel