Hopp til innhald

PR142 Rettleiing 1 for pedagogar i barnehagen

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • ulike strategiar, teoriar og metodar for rettleiing retta mot kompetanseutvikling som profesjonsutøvar
  • kommunikasjon i teori og praksis
  • dilemma knytt til etikk, autoritet og makt
  • kritisk tenking som danningsideal
  • rettleiing i eit didaktisk og organisatorisk perspektiv
  • refleksjon og kritisk analyse i rettleiing knytt til eigen rettleiarrolle og rettleiinga sitt innhald

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • nyare teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar
  • korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i barnehagen
  • korleis dei kan inkludere nyutdanna i eit kritisk reflekterande fellesskap
  • ha kunnskap om eit breitt repertoar av tilnærmingar til rettleiingsfeltet

 

Ferdigheiter

Studenten

  • vere i stand til å nytte rettleiing gjennom reflekterande prosessar individuelt og i gruppe
  • vere i stand til å planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid
  • meistre kommunikasjon på ulike nivå

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kunne analysere og problematisere eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • kunne bruke kunnskap og røynsle i samhandling og kommunikasjon som bidreg til oppleving av meistring og handleevne

Krav til forkunnskapar

Førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen. Du må vere tilsett i ein barnehage.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Bruk og vidareutvikling av dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Studiet rettar seg mot rettleiing på individ- og gruppenivå. Studentane vil få rettleiing og tilbakemelding på eiga rettleiing på heildagssamlingane.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk deltaking på fellessamlingar

Deltaking i tre samlingar i nettverksgruppene

To fagtekstar (inntil 1200 ord)

 

Arbeidskrava er obligatoriske arbeid som må vera gjennomført og godkjent før ein framstiller seg til eksamen.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen, 14 dagar, knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle. Omfang 2500 ord +/- 10%.

Gradert karakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel