RE6-2003 Temabasert reiseliv
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Dei reisande får stadig høgare krav til reisemål og opplevingar og motiv og behov endrar seg i ein sterk internasjonal konkurranse. Dei reisande ønskjer autentiske opplevingar og emnet tek føre seg korleis ein som reiselivsleverandør og reisemål kan møta desse krava. Vidare skal emnet gje basiskunnskap om- og grunnleggjande oversyn over ressursgrunnlaget for ulike typar temabasert reiseliv. Kurset skal vidare gje studentane innsikt i sentrale problemstillingar knytt til utvikling av ulike temaprodukt m.a. med fokus på miljømedvit og berekraft. Sentrale tema i emnet er: ¿ grunnleggjande forståing om temaomgrepet med vekt på å presentere nisjar samt korleis utvikle nye produkt. Også kva plass har temabaserte produkt i eit reisemålsperspektiv.
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan/har studenten:
Kunnskap om
- mangfaldet av tema- og nisjebasert reiseliv, slik som helseturisme, transportturisme, matt- og drikketurisme, fototurisme, turisme motivert av slektsforskning, kultur- og naturarv, fornøyelseparkar, menneskeskapte turistattraksjonar og festivalar.
- kva rolle eit slikt tema eller nisje kan ha i eit reisemålsperspektiv
- temabasert reiseliv i eit globalt perspektiv og fokus på kva trekk og trendar gjeld på dei ulike marknadane i dag
- og definere dei ulike omgrepa innan temabasert reiseliv
Ferdigheiter
- Korleis ein kan analysere og kjenne til produkta i temabasert reiseliv og etterspurnaden i marknaden
- korleis utvikle nye produkt/opplevingar og utvikle forretningsplan deretter
Generell kompetanse
- Kjenne til samanhengen mellom temabasert reiseliv og berekraftig reiseliv og utvikle turistprodukt etter desse prinsippa
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppeoppgåver og ekskursjon
Obligatorisk læringsaktivitet
Det skal presenterast/leggjast fram ei gruppeoppgåve (inntil fire personar i gruppa).
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre
Vurderingsform
Skriftleg heimeeksamen ei veke i gruppe, vekting 60%.
Munnleg presentasjon av oppgåve individuelt, vekting 40%.
Hjelpemiddel ved eksamen
Heimeksamen: alle hjelpemiddel tillatt
Munnleg presentasjon; ingen hjelpemiddel tillatt
Meir om hjelpemiddel