SØ6-1000 Samfunnsøkonomi makro
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
- målsettingar for den økonomiske politikken
- nasjonalrekneskap. Sentrale makroøkonomiske omgrep og samanhengar
- dei ulike komponentane som utgjer BNP
- BNP som velferdsmål
- Grunnleggande Keynesmodellar for ein lukka økonomi for å forklara.konsekvensane av etterspurnadsbestemt konjunkturnedgang og makroøkonomisk politikk (penge- og finanspolitikk)
- ulike typar arbeidsløyse
- prisindeksar
- etterspurnaden etter pengar. Tilbodet av pengar. Likevekta i pengemarknaden.
- valuta
- inflasjon og kostnader ved inflasjon
- Pengepolitikk
- kjøpekraftsparitet
- kvantitetsteorien
- udekka renteparitet
- IS-MP-modellen for ein open økonomi: Likevekt i vare- og pengemarknaden.
- økonomisk vekst
- Den kortsiktige og langsiktige Phillipskurva.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- forstå årsakene til og verknadene av konjunktursvingingar på produksjon og sysselsetjing og korleis styresmaktene kan nytta penge- og finanspolitikk for å jamne ut konjunktursvingingar
- vite kva ein inntektsmultiplikator er
- forstå korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader for resten av økonomien
- vite skilnaden på ulike typar arbeidsløyse og forstå samanhengane mellom arbeidsløyse og inflasjon
- forstå årsakene til økonomisk vekst
- Kjenne til samanhengen mellom institusjonar i arbeidsmarknaden og makroøkonomien sin funksjonsmåte.
Dugleikar:
- kunne gjere greie for sentrale makroøkonomiske omgrep
- finne aktuell makroøkonomisk statistikk m.a. i Nasjonalrekneskapen. Dette gjeld m.a. statistikk over utviklinga i BNP, sysselsettinga, arbeidsløysa, konsumprisindeksen, investeringane og i privat konsum.
- ved hjelp av makroøkonomiske modellar kunne vise korleis styresmaktene kan påverke aktivitetsnivået i ein open økonomi
Generell kompetanse:
- vere i stand til å følgje med i media og på diskusjonar om samfunnsøkonomiske emne
- ha fagleg funderte vurderingar om kva økonomisk politikk styresmaktene til ein kvar tid bør føra for å dempa konjunkturrørslene og påverka den økonomiske veksten.
Krav til forkunnskapar
ME6-1000 Matematikk for økonomar eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen.
Vurderingsform
To eksamenar:
Ein skriftleg skuleeksamen på 3 timar. Tel 30% av den samla karakteren på emnet.
Ein skriftleg slutteksamen på 4 timar. Tel 70% av den samla karakteren på emnet.
Bokstavkarakter. Kandidaten må ha greidd begge eksamenane for å få godkjent emnet.
Ved stryk på ein av deleksamenane treng studenten berre å ta oppatt denne deleksamenen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator.
Meir om hjelpemiddel