SA588 Sosiologisk forskingsmetode
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei grunnleggande innføring i korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte. Undervisninga er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet. Eit sentralt tema er kva som skil bruken av kvantitative og kvalitative data.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne:
- kan studenten definere grunnleggande omgrep i sosiologisk forskingsmetode
- har studenten kunnskap om dei mest brukte forskingsmetodane i sosiologien
- kan studenten gjere greie for ulike undersøkingsopplegg
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- diskutere sterke og svake sider ved bruk av kvantitative og kvalitative data
- diskutere og grunngje metodeval med utgangspunkt i ulike typar problemstillingar
- utforme ein plan for ei kvalitativ undersøking
- gjennomføre kvalitative intervju, kvalitative tekstanalysar, tabellanalyse og korrelasjonsanalyse
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- vurdere og tolke metodebruk i sosiologisk og annan samfunnvitskapleg forsking
- vurdere og halde seg kritisk til det metodiske grunnlaget for forskingsresultat som blir presentert i det offentlege ordskiftet
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, skriftlege oppgåver og sjølvstudium.
Oppgåver til mappe: tre skriftlege oppgåver. Ei av desse inngår i sluttvurderinga, og denne blir tilfeldig utvald av emneansvarleg.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte på første ordinære undervisningsøkt. Studentar som er forhindra frå å gjennomføra arbeidskravet, må levera inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 500 ord over ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.
Vurderingsform
Fire timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50%.
Ei oppgåve frå mappe, vekting 50%.
Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen.
Ved stryk på mappe skal omarbeidd tekst leverast. Ved stryk på andre forsøk(mappe), må oppgåve med ny problemstilling leverast. Ved ny eksamen på grunn av forbetring av karakter på mappa: oppgåve med ny problemstilling.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel