SA589 Komparativ politikk
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i samanliknande politikk med vekt på korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og samspelet mellom konstitusjonar, parlament og regjering. Undervisninga presenterer tema som partisystem og partifamiliar, val- og valsystem i ulike land, og variasjonar i bruken av folkeavstemmingar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne:
- har studenten kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land
- har studenten oversikt over ulike partisystem og partifamiliar, val og valordningar og bruken av folkeavstemmingar i ulike land
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- orientere seg i relevant statsvitskapleg faglitteratur om politiske institusjonar
- gjennomføre enkle skriftlege, komparative analysar
Generell kompetanse
Etter fullført emne:
- kan studenten gi ein individuell, skriftleg presentasjon av ei komparative, politisk problemstilling på grunnleggjande nivå
- kjenner studenten til korleis politiske institusjonar i ulike land har utvikla nye løysingar i vår tid
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, skriftleg arbeidskrav og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt skriftleg arbeid. Vurdering: greidd/ikkje greidd
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semester.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar