Hopp til innhald

SA596 Examen philosophicum

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Faget gir ei innføring i fire hovudemne: Språk og argumentasjon, humaniora og filosofiske vilkår for humanvitskapleg tolking, moralfilosofi, politisk filosofi.

Læringsutbytte

Etter fullført Examen philosophicum

Kunnskapar

  • har studenten kunnskap om filosofiske emne med særleg relevans for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. I tillegg har ho grunnleggjande kunnskap om språk- og argumentasjonslære.

Ferdigheiter

  • kan studenten gjere greie for relevante filosofiske omgrep og posisjonar i samband med humanvitskapleg tolking, og delta i fagleg informerte diskusjonar om normative samfunnsspørsmål.

Generell kompetanse

  • kan studenten bruke kunnskap om argumentasjonslære til å analysere tekst, og til å vurdere sterke og svake sider ved innlegg i den offentlege debatten

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplan

Tilrådde forkunnskapar

Ingen forkunnskapar

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig lesing av pensum, forelesingar, seminar og øvingsoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav 1: Godkjend fleirvalstest i språk- og argumentasjonslære

Arbeidskrav 2: To godkjende øvingsoppgåver

 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semester

Vurderingsform

4 timar skriftleg skuleeksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel