SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
I dette emnet er hovudfokus planlegging, drift og utvikling av mindre arbeidseiningar i helse- og velferdssektoren. Med utgangspunkt i systemiske og læringsteoretiske perspektiv går emnet inn på konkrete utfordringar studentane kan møte som einingsleiarar. Sentralt står leiar si tilrettelegging for kollektiv problemløysing og kollektivt utviklings- og forbetringsarbeid. IKT som kunnskapssystem for leiarar.
Læringsutbytte
Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert viten om kvalitetsforbetring skal studenten ha kunnskap om:
- Grunnleggande teori om læring og kunnskapsutvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsplan
- Førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt.
- Korleis samfunnet si utvikling, rammevilkår, faglig utvikling og tilhøve ved tenesta påverkar kvaliteten.
- System, metodar og verktøy for forbetring av kvalitet.
- Kunne bruke læringsteori for å analysere eit kvalitetsforbetringsarbeid
- Kunne bruke relevant kunnskap for å avdekke og forstå kvalitetsproblem i tenesta.
- Kunne bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheter til å planlegge, utføre og evaluere eit kvalitetsforbetringsarbeid.
- Kunne bidra til systematisk kvalitetsforbetring i tenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheter.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og gruppearbeid med case.
Individuell rettleiing i utarbeiding av eit dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav 2 i studieplan : 4 korte refleksjonsnotat, 1 - 3 sider, utarbeidde mellom samlingane.
Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.
Eit arbeidskrav er gyldig i dei fire påfølgjande semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.
Vurderingsform
Mappe som inneheld eitt arbeid:
Individuell tekst som handlar om leiing og utviklingsprosessar/forbetringsarbeid på eigen arbeidsplass.
Nærare informasjon om oppgåva vert gitt på samlingane. Om lag 10 sider (ca. 4000 ord). Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar. Vurdering ut frå gitte kriteriar for oppgåva.
Bokstavkarakter.
Ved stryk kan studenten levere ein omarbeidd tekst.
Dersom studenten ønskjer å forbetre karakteren, kan omarbeidd oppgåve bli levert inn neste gong eksamen i emnet blir arrangert.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SA6-405 - Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar - Reduksjon: 15 studiepoeng
- SA6-400 - Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
- SA667 - Drift av grunneining - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
- GR122 - Organisering av helse og sosialtenester til eldre - Reduksjon: 13,5 studiepoeng