SK169 Grunnleggande sjukepleie og sjukepleie til eldre
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet er knytt til pasienten sine grunnleggande behov, grunnleggande sjukepleie og sjukepleie til eldre.
Dei ulike tema i emnet er:
- grunnlagstenking og historie
- sjukepleieprosessen
- sjukepleiedokumentasjon
- hygiene
- sjukepleie til eldre
- sirkulasjon, aktivitet og søvn og kvile
- respirasjon, kroppstemperatur, ernæring og eliminasjon
- mennesket sine psykososiale behov
- sjukepleie til personar med demens
- åndeleg og eksistensiell omsorg
- sjukepleie til personar med hjerneslag
- identitet, kultur, det tradisjonelle og det moderne samfunnet
- lovverk og rutinar knytt til medikamenthandtering
- Felleskatalogen
- sjukeheim som organisasjon
- forbetringsarbeid
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om sjukepleiefaget si historie, tradisjonar og eigenart
- har kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov og grunnleggande sjukepleie
- har kunnskap om normal aldring og eldre menneske sine særskilde behov
- har kunnskap om sjukepleie til eldre og personar med demens og hjerneslag
- har kunnskap om sjukepleieprosessen som problemløysande metode og mellommenneskeleg prosess
- har kunnskap om sjukepleiedokumentasjon som arbeidsreiskap og grunnlag for utøving av fageleg forsvarleg sjukepleie
- har kunnskap om sjukeheimen som organisasjon
- har kunnskap om korleis ein kan involvere brukar på sjukeheim som aktiv deltakar i eigen hjelpeprosess og i forbetring av tenesta
Ferdigheiter:
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og grunngje praktiske sjukepleieprosedyrar
- kan nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap frå sjukepleievitskaplege, naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege emne
Generell kompetanse:
Studenten
- Kjenner til kulturomgrepet og kva innverknad kultur har for identitetsutvikling
- kjenner til lovverket og rutinar for medikamenthandtering og kan bruke Felleskatalogen
- kjenner til grunnleggande prinsipp i forbetringsarbeid
Krav til forkunnskapar
Minimum eit av emna SK 160 og SK 161 må vere greidd før eksamen i emne SK 169
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Studiegrupper med og utan rettleiing
- Skriftlege oppgåver og munnleg framlegg
- Praktiske øvingar
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk frammøte og førebuing til 3 studiegruppesamlingar
- Ei individuell skriftlig oppgåve
- Ei skriftleg/munnleg praktisk gruppeoppgåve
- Undervisning og øving i sjukepleiesenteret (5 øvingar). Alle øvingar må vere gjennomført før studenten kan gå opp til praktisk test.
- Praktisk test. Individuell
Vurderingsform
Skuleeksamen, 5 timar. Individuell. Bokstavkarakter A - F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel