Hopp til innhald

SOS5-204 Sosialt arbeid - normalitet og avvik

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

I emnet vert det lagt vekt på å gje innføring i generell sosiologisk teori om avvik og stigmatisering og ulike kriminologiske teoriar. Vidare vil det bli lagt vekt på teori om sosiale klassar i samanheng med økonomisk og kulturell dominans i samfunnet. Emnet skal gje studentane auka forståing for ulikskap i levekår for ulike grupper og kunnskap om marginaliseringsprosessar. Korleis ein kan arbeide for å inkludere marginaliserte grupper vert vektlagd. Kriminalitet og kriminalitetsutvikling, grunngjevingar og vilkår for straff vert vektlagde. Emnet skal gje studentane kunnskap om ulike former for funksjonshemming og forståing for korleis levekår og livskvalitet påverkar mulegheit for deltaking i samfunnet. Studentane vil også få kunnskap om omgrep knytta til førebygging. I undervisninga i globalisering vert det lagt vekt på å gje studentane innsikt i korleis globaliseringa verkar inn på politisk styring og nasjonale identitetar.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Felles læringsutbyte for barnevern og sosialt arbeid

  • kunnskap om straff, strafferett, straffeprosess, straffesystemet og alternative reaksjonsformer overfor unge lovbrytarar.

Studiespesifikke læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • kunnskap om levekår og ulikskap på individ- og samfunnsnivå
  • kunnskap om teoriar som forklarer korleis avvik/kriminalitet kan utviklast ut fra individ og samfunnsperspektiv
  • kunnskap om marginalisering og kunne analysere ulike marginaliseringsmekanismar
  • kunnskap om førebygging på individ og samfunnsnivå
  • kunnskap om kva som skapar sosiale avvik
  • kunnskap om bustadsosialt arbeid og samfunnsarbeid
  • kjennskap til sentrale sider ved globaliseringsdiskusjoar og kva konsekvensar globaliseringen kan få for økonomi, politikk, kriminalitet og kultur

Ferdigheiter:

  • gjere greie for ulike tiltak for å redusere sosial ulikskap
  • kunne bruke kommunikasjon og relasjonsforståing i arbeidet med utsette grupper
  • arbeide sosialfagleg med marginaliserte grupper
  • reflektere kritisk over eiga fagforståing og over utøving av makt i sosialt arbeid

Generell kompetanse:

  • Kan planlegge førebyggande tiltak for vanskelegstilte grupper
  • Kan reflektere over marginaliseringsprosesser både på individ og samfunnsnivå

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første året i bachelorstudiet i sosialt arbeid må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen.

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings-og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i grupper, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, digitale verktøy. Studentaktive læringsformer vert vektlagde.

Obligatorisk læringsaktivitet

Refleksjonsoppgave i grupper. Studentene vel eit av temaene i emnet som utgangspunkt for oppgåva. Munnleg framlegging av resultatet i klassen.

Godkjent arbeidskrav er føresetnad for å gå opp til eksamen.

Vurderingsform

4 timars individuell skriftleg skuleeksamen.

Bokstavkarakterar