VPL5-106 Vernepleieprofesjonen i hjelpeapparatet
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet gjev introduksjon til grunnleggande kunnskapsområde i vernepleieprofesjonen, og utviklingstrekk i kompetanse og profesjonsutøving. Vernepleieprofesjon og kompetanse er påverka av avvikshistorie og skiftande omsorgsideologiar. Definisjon av habiliteringsarbeid og helseomgrepet er grunnleggande for å forstå vernepleiarar som helsepersonell. Emnet har innføring i kommunikasjon og relasjonskunnskap både teoretisk og praktisk. Dette saman med profesjonelt miljøarbeid og sosialt nettverk gjev studentane basiskunnskap om profesjonsutøving. Emnet skal gje studentane forståing for betydninga av relasjonsbygging generelt, og spesielt mellom sosialarbeidar og brukar. Gjennom praktiske øvingar og refleksjon får studentane auka medvit om eigen relasjonskompetanse. Tema innan felles læringsutbyte er samfunnsfag, etikk, psykologi og tverrprofesjonell samarbeidslæring. Studentane vil arbeide tverrfagleg innan tema yrkesetikk. Studentane får skrivekurs og undervisning om kjeldesøk.
Læringsutbytte
Felles læringsutbyte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap
- Har brei kunnskap om den norske velferdsstatens historie, dagens velferdsmodell og kunnskap om menneskerettane sin plass i velferdsstaten.
- Kjenner til grunnleggjande etiske omgrep, har brei kunnskap om menneskerettane og yrkesetiske retningslinjene som gjeld for profesjonen.
- Har brei kunnskap om forvaltninga, verdigrunnlaget forvaltninga byggjer på og oppgåvedeling mellom dei ulike nivåa. Kunnskap om det rettslege grunnlaget for offentleg forvaltning, regjeringa si instruksjonsmynde og organisering.
- Har kunnskap om og kan gjera greie for grunnleggjande psykologiske omgrep og tenkemåtar.
- Har kunnskap om, og kan gjere greie for grunnleggjande sosiologiske omgrep og forståingar.
- Har kunnskap om og kan gjere greie for sentrale vitskapsteoretiske problem og vitskapsfilosofiske retningar, samt gjere greie for kjenneteikn ved forsking og vitskapelig kunnskap.
Ferdigheiter:
- Kan anvende sin kunnskap om tverrfagleg samarbeid, gjennom arbeid i tverrprofesjonelle studentgrupper.
- Kan anvende fagleg kunnskap frå dei ulike tema gjennom arbeid med ei teoretisk problemstilling.
Studiespesifikke læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap
- Har brei kunnskap om vernepleieprofesjonen si historie og utvikling, sin eigenart og plass i samfunnet.
- Har brei kunnskap om korleis synet på personar med funksjonsnedsettingar har utvikla seg gjennom tidene, og kan ved bruk av fagleg kunnskap identifisere funksjonshemmande barrierar i dagen samfunn.
- Har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar innan kommunikasjon og relasjonskompetanse og etisk refleksjon.
- Har kunnskap om, og kan gjennom bruk av fagleg kunnskap gjere greie for grunnleggjande prinsipp i miljøarbeid, habilitering og rehabiliteringsarbeid.
- Har kjennskap til skriving som metode for å lære
Ferdigheiter:
- Kan anvende litteratursøk som metode, for å finne fram til aktuell faglitteratur, og framstille dette skriftleg slik at det belyser ei problemstilling.
- Kan anvende kunnskap om akademisk skriving gjennom arbeid med praktiske og teoretiske problemstillingar
- Kan anvende fagleg kunnskap innan grunnleggande kommunikasjon og relasjonskunnskap, og kunne reflektera over eigen væremåte, haldningar og menneskesyn.
Generell kompetanse:
- Har innsikt i relevante fag og yrkesetiske problemstillingar som er omhandla i emnet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Opptak skjer på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse etter vurdering.
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy. Studentaktive læringsformer vert vektlagt. Biblioteket gjev opplæring i informasjonsinnhenting og kjeldebruk.
Obligatorisk læringsaktivitet
- To individuell skriftlegeoppgåver, refleksjonsnotat og biblioteksøk
- Minimum 80% deltaking samla i obligatorisk undervisning. Herunder seminarundervisning, gruppearbeid, undervisning og øvingar i kommunikasjon og relasjonskompetanse, i skriveseminar
- Obligatorisk deltaking på ekskursjon
- Fleirfagleg arbeid med munnleg framlegging (TPS)
- Til mappeeksamen: Arbeid med oppgåve gjennom semesteret. Deltaking i tre rettleiingar i grupper, samt innlevering av tekst i forkant av kvar rettleiing.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen
Vurderingsform
Mappeeksamen, individuell. Vekting 60%.
Skuleeksamen 4 timar. Vekting 40%
Bokstavkarakter
Dersom kandidaten får karakteren F på mappeeeksamen, kan det leverast revidert utgåve av same oppgåve ved et nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det levers en helt ny oppgåve med ny problemstilling.