Hopp til innhald

VPL5-209 Helsefag

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane kunnskap og ferdigheiter i å yte forsvarleg helsehjelp til menneske i ulike situasjonar. Ferdigheiter i helsefaglege prosedyrar står sentralt. I tillegg får studentane kunnskap om forvaltning av pleie og omsorgstenester i kommunal sektor.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • har brei kunnskap om fysiske konsekvensar og endringar knytt til høg alder
  • har brei kunnskap om pleie og omsorgsbehov
  • har kunnskap om førebygging og behandling av helseproblem
  • har kunnskap om, og kan gjere greie for helsefaglege prosedyrar
  • har kunnskap om, og kan gjere greie for prinsipp i førstehjelp
  • har kunnskap om sentrale lover, reglar og sakshandsaming på helserettens område i kommunal sektor
  • kjenner til forsking- og utviklingsarbeid innan helsefaglege emne

Ferdigheiter:

  • kan beherske relevant fagleg og praktisk utstyr og tekniske hjelpemiddel
  • kan utføre helsefaglege prosedyrer
  • Kan anvende fagleg kunnskap til å identifisere, vurdere, grunngje samt dokumentere behov for helsehjelp

Generell kompetanse:

  • kan formidle kunnskap om ulike sjukdommar og helseplager og kan vise både munnleg og skrifteleg korleis desse kan forståast og løyast
  • kan samarbeide med andre studentar og dele synspunkt, erfaringar og kunnskap frå helsefaglege tema

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieår må vere greidde for å kunne framstille seg til eksamen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings-og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Praktisk test i helsefaglege prosedyrar
  • Arbeidskrav i juss
  • Deltaking i gruppearbeid

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, omfang 3000 ord. Varigheit: fem dagar.

Bokstavkarakterar.

Dersom kandidaten får karakteren F på heimeeksamen, kan han/ho levere revidert utgåve av same oppgåve ved et nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel