VPL5-210 Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i ein gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og rettleiing av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Arbeidskrava tek utgangspunkt i praksisarbeidet, og studenten arbeidar med desse gjennom heile praksisperioden
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne skal kandidaten ha:
Kunnskap :
- om grunnleggjande pleie- og omsorg, samt relevante helsefaglege prosedyrar
- om praksisplassen sin ideologi, organisering og forvaltning
- om brukarmedverknad og korleis leggje til rette for medverknad i omsorgs- og forbetringsprosessar
- om farmakologi og legemiddelhandtering
- om ulike profesjonar sine bidrag på og i tilknyting til praksisplassen
- om forbetringsarbeid og forsking på helsefaglege områder.
Ferdigheiter:
- kan anvende fagleg relevant kunnskap om hygiene, smitte, grunnleggjande pleie og omsorg, helsefaglege prosedyrar, farmakologi og legemiddelhandtering i praktisk arbeid, samt å kunne grunngje sine val.
- kan anvende prinsipp om kunnskapsbasert praksis.
- anvende kunnskap om aktuelle sjukdomar og behandlingsformer for å observere og gje forsvarleg helsehjelp til eldre og sjuke
- kan reflektere over eiga yrkesutøving i møte med tenestemottakarar og kollegaer; og har evne til å justere seg på bakgrunn av tilbakemeldingar og veiledning.
Generell kompetanse:
- Kan planlegge og gjennomføre helsefaglege prosedyrar og identifisere, gjennomføre og dokumentere helsehjelp i tråd med fagleg krav og etiske retningslinjer
- Har innsikt i relevante etiske og faglege problemstillingar innan helse og omsorgsfaglege tema.
- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med brukar, kollega og andre naturlege aktørar i nettverket rundt brukar, og bidra til utvikling av god praksis.
Krav til forkunnskapar
Alle emne på første år skal vere greidde. Studenten skal ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet Helsefag
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing og seminar. Praksis og oppgåver med tilbod om rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Læreavtale
- Skriftlig oppgave i samband med praksis; +/- 4000 ord
- 9 veke praksis. Det er krav til nærvær i praksis
Vurderingsform
GODKJENNING Praksisrettleiar tilrår praksis godkjend/ikkje godkjend. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis.
VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.
Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.