VPL5-212 Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i en gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og rettleiing av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Arbeidskrav tek utgangspunkt i praksisarbeidet, og studenten skal arbeide med desse gjennom heile praksisperioden.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne kan/har kandidaten
Kunnskap:
- om systematisk arbeid med å grunngje fagleg oppfølging av tenestemottakarar
- om rammebetingelsar som påverkar tenesteutøving til menneske med utviklingshemming.
- om forskings- og utviklingsarbeid innanfor tenester til personar med utviklingshemming
Ferdigheiter:
- i tilrettelegging for at personar med kognitiv svikt skal oppnå sjølvråderett og personleg vekst
- i å planlegga oppfølging som fremjar sosial deltaking og bidreg til tenestemottakarar sine mål
- i innsamling av data og informasjon, som saman med teoretisk kunnskap vert relevant for tenestemottakar
- i å nytta kunnskap om kommunikasjon, samhandling og aktivitet med menneske med psykisk utviklingshemming, og justera kommunikasjon i tråd med rettleiing
Generell kompetanse:
- kan formidla fagstoff og hevda eigne vurderingar av faglege problemstillingar både skriftleg og munnleg
- kan planlegga og gjennomføra oppfølging av ulike sosiale aktivtetar og bevegelse utfrå tenestemottakar sine ønskjer og behov
- kan yta heilskapleg omsorg på ein sjølvstendig måte, samarbeida med andre yrkesutøvarar og dokumentera eigen praksis
Krav til forkunnskapar
Alle emner frå første studieår og haustsemesteret andre studieår må vera bestått. Opparbeidd seg eksamensrett i emnet vernepleiaren som miljøarbeidar.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing og seminar. Praksis og oppgåver med rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav i praksis
- Læreavtale
- Skriftleg oppgåve i samband med praksis; +/- 4000 ord
- 11 veker praksis. Det er krav til nærvær i praksis.
Vurderingsform
GODKJENNING Praksisrettleiar tilrår praksis godkjend/ikkje godkjend. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endelig godkjend/ikkje godkjend praksis.
VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.
Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for godkjend praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel