Å-KR130 Idrett/kroppsøving 1
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kroppsøving 1 (30 sp) har følgjande faglege innhald og tema:
Eit årsstudium i idrett/kroppsøving utgjer 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett/kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskuleutdaninga for 5-10 steg. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt i studiet er utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar innan leik, læring vekst og utvikling, dans, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskulturen. Det vert lagt vekt på fagdidaktisk forståing, vurdering i kroppsøving, medborgarskap, aktivitetslære, treningslære, bevegelseslære, anatomi, fysiologi, kroppslig læring. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike turar.
Fagleg innhald og konkretisering av tema:
Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, leik, læring vekst og utvikling, friluftsliv, aktivitetslære, treningslære, anatomi, fysiologi, bevegelseslære.
Faglege praktiske emne: Aktiviteslære 1: Leik, læring vekst og utvikling, idrett, dans, symjing og friluftsliv.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
har kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskulturen
har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos barn og unge
har kunnskap om omgrepet medborgarskap og respekt for andre i samband med bevegelsesaktivitetar
har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for barn og unge
har kunnskap om kroppen (anatomi, fysiologi) og kroppen i bevegelse (rørslelære), spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar
Ferdigheiter
Studenten
kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervisning i kroppsøving
kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar og vidareutvikla desse innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving og i formidling av ulike bevegelsesaktivitetar til barn og unge
kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
kan ivareta HMS for barn og unge i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
Generell kompetanse
Studenten
kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, og bidra til utvikling av god praksis
kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving og reflektera over fagets innhald og rolle i ein fleirkulturell skule
kan kommunisera med ulike samarbeidspartnarar om problemstillingar knytt til kroppsøving, kroppslig læring og ulike bevegelsesaktivitetar
kan forstå, utøva og utvikla egen profesjonalitet som kroppsøvingslærer og trenar
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:
Førelesing
Problembasert læring i grupper eller individuelt
Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø
Eigenaktivitet
Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar
Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet
Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet
Rettleiing individuelt eller i grupper
IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.
Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider. Studentane må dekke utgifter til mat, reise og opphald sjølv (ca. 300 kr).
Obligatorisk læringsaktivitet
80 % frammøte til undervisning
100% frammøte på turar/ekskursjonar
Praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
Friluftsliv med overnatting
Skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve.
Observasjon knytt til føresetnadar hos elevar og tilpassa opplæring
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Prosjekt 25%. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av prosjektet. Tid for innlevering av prosjektet vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Praktisk deleksamen 25%.
Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Tel 50% av vurderinga
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel