Hopp til innhald

Å-KR230 Idrett/kroppsøving 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhold og oppbygning

Kroppsøving 2 (30 sp) har følgjande faglege innhald og tema:

Eit årsstudium i idrett/kroppsøving utgjer 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett og kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskuleutdaninga for 5-10 steg. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt står utvikling av undervisningskompetanse/trenarkompetanse knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein kunne tilpassa undervisninga/treninga til den enkelte elev/utøvar sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera eleven/utøvaren si læring og utvikling og kunne gje læringsfremjande/prestasjonsfremjande tilbakemeldingar. Ein skal også læra korleis ein som kroppsøvingslærar og trenar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle/trenarrolle. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving/trening står sentralt i emnet. Undervisninga føregår både inne og ute, og me reiser på ulike turar.

 

Fagleg innhald og konkretisering av tema:

Faglege teoretiske emne: Fagdidaktikk kroppsøving, vurdering, til passa opplæring, idrett og samfunn, forskingsmetodar og forsking og utviklingsarbeid, friluftsliv, aktivitetslære.

Faglege praktiske emne: Aktiviteslære 1: Idrett, dans, symjing og friluftsliv.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling

har kunnskap om vurdering i kroppsøving

har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for barn og unge

har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur

har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving og trening

har kunnskap om kroppsøving/trening og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv

 

Ferdigheiter

Studenten kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet

kan gjennomføra skapande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt

kan vurdera eleven/utøvaren si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar

kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering

kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving

kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse/trenarkompetanse

kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i ulike bevegelsesaktivitetar

kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskaper innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving

 

Generell kompetanse

Studenten

kan kommunisera med elevar/utøvarar, føresette og kollegaer om kroppsøvingsfaget/trening

kan bidra til å sjå kroppsøving og bevegelsesaktivitet i tverrfagleg perspektiv

kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving, fysisk aktivitet i skulen og innan trening

Krav til forkunnskaper

 Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Bygger på Idrett/kroppsøving 1

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte arbeids- og læringsformer i emnet. Dette gjeld både for arbeid med teoretiske og praktiske emne:

Førelesing

Problembasert læring i grupper eller individuelt

Praktisk arbeid med aktivitetar i ulike miljø

Eigenaktivitet

Forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar

Lærar- og studentstyrte oppgåver i studiet

Arbeida med ulike praktisk-metodiske oppgåver i studiet

Rettleiing individuelt eller i grupper

IKT blir brukt til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. IKT blir trekt inn i faga der det er naturlig.

Friluftslivturar: Det vert lagt stor vekt på å gjera erfaringar i ulike naturtypar til ulike årstider. Studentane må dekke utgifter til mat, reise og opphald sjølv (ca. 2000 kr).

Obligatorisk læringsaktivitet

80 % frammøte til undervisning

100% frammøte på turar/ekskursjonar

Akademisk lesing: Studentane presenterer ein fagleg artikkel på eit seminar

Demonstrasjon av eit undervisningsopplegg der det blir brukt digitale verktøy (individuelt eller i gruppe). Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling med medstudentar

Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve

Friluftsliv med overnatting

Godkjent arbeidskrav er gyldig så lenge studenten har eksamensrett

 

Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Ein praktisk-metodisk eksamen der studenten skal planlegga, gjennomføra og deretter reflektera over eit undervisingsopplegg tel 25%.

FoU-oppgåve (7,5 studiepoeng) tel 25%

Praktisk-munnleg: Ein praktisk-metodisk eksamen med munnleg der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over inkludering og tilpassa opplæring. Tel 50%

For at emnet skal vere godkjent må alle eksamenar vere vurdert til bestått karakter.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen

Mer om hjelpemidler