ABLU-YIB Fordjuping yngst i barnehagen
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Innhaldet er strukturert etter følgjande hovudtema:
- Tilknytingsbaserte barnehagar
- Samspelsobservasjon og levd observasjon
- Toddlarkultur og småbarnspedagogikk
- Medverknad, demokrati og didaktisk arbeid med dei yngste barna
- Pedagogisk leiing knytt til barnehagen sitt fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom
- Rettleiing
- Læreplan, læringsteori og kunnskapssyn
- Kritisk refleksjon
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Kandidaten skal ha:
- kunnskap om tilvenning og tilknytingsbaserte barnehagar
- kunnskap om toddlarkultur og småbarnspedagogikk
- kunnskap knytt til dei yngste barna si medverknad, demokrati og didaktisk arbeid
- kunnskap om observasjon og pedagogisk dokumentasjon
- kunnskap knytt til pedagogisk leiing av barnehagen sitt fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
- kunnskap om rettleiing av medarbeidarar
- kunnskap om læreplanteori og kunnskapssyn
Dugleikar:
Kandidaten skal:
- kunne argumentera for tilvenning og tilknytingsbaserte barnehagar
- kunne fagleg diskutera dei yngste barna sin veremåte og kultur
- kunne legge til rette for at dei yngste barna skal medverke i barnehagekvardagen
- kunne om observasjon og pedagogisk dokumentasjon som grunnlag for didaktisk planlegging, refleksjon og endring.
- kunneleia og rettleia personalet i høve tydinga barnehagen sitt fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom, har for dei yngste barna i barnehagen.
- kunne gjere reie for eige kunnskapssyn og grunngje det
- kunne nytta kritisk refleksjon og kritisk vurdera eigen praksis
Generell kompetanse:
Kandidaten skal:
- kunne leia pedagogisk arbeid og rettleia sine medarbeidarar
- kunne utøva profesjonelt skjønn og kritisk reflektera fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til dei yngste barna i barnehagen.
- kunne observera og utøva pedagogisk dokumentasjon som grunnlag for didaktisk planlegging, refleksjon og endring.
Krav til forkunnskapar
Bestått alle emna dei to første studieåra, praksis 3. år/5. og 6. semester, og BULL2
Tilrådde forkunnskapar
Bør ha bestått 3. år på ABLU
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, dialog og refleksjon i klasse/grupper, praktisk arbeid, gruppearbeid og framføring av studentarbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 80 % deltaking i undervising og på nettmøter
- Obligatoriske oppgåver
- Førebuing til praksis (gjeld eksamensdel praksis)
Alle studiekrav blir nærare presisert i semesterplanen
Vurderingsform
Vurdering: Varighet: Vekt: Hjelpemiddel: Karakter:
Heimeoppgåve 1 semester 100/100 Alle Gradert: A-F
(fordjuping)
Barnehagepraksis 10 dagar 0/100 Alle Bestått/ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel