BI424 Botanikk grunnkurs
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Systematikk og evolusjonær utvikling hos plantar, protistar og sopp, og slektskap mellom desse gruppene. Morfologi, reproduksjon, livssyklusar og livsformer. Innføring i floristikk: ca. 400 taxa (artar, slekt, familiar). Bruk av floranøklar. Kurset legg grunnlag for å forstå økologiske prosessar på samfunns- og økosystemnivå, og for å kjenne att vanlege norske naturtypar.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Forstå korleis livet har oppstått på jorda og korleis plantar, sopp og protistar har utvikla seg gjennom evolusjonen
- Kjenne den generelle morfologien til sopp og lågare og høgare planter
- Kjenne vanlege planteartar i vanlege norske naturtypar
Ferdigheiter
- Evne til å gjere greie for livssyklusar og tilpasningar til livet på land hos utvalde grupper av protistar, sopp og planter
Kompetanse
- Kunne bestemme om lag 100 taxa av lågare planter og om lag 265 taxa av høgare planter (240 artar og 20-25 slekter/familiar)
- Kunne bruke flora og floranøklar til bestemming av planter
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, feltundervisning, laboratorieøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Skriftlege innleveringar, deltaking på ekskursjonar og godkjent laboratoriejournal
Vurderingsform
1) Skriftleg eksamen, 4 timar, 67%
2) Artsprøve, 1 time, 33%
Bokstavkarakter A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
1) Skriftleg eksamen: ingen hjelpemiddel
2) Artsprøve: alle ikkje-digitale hjelpemidlar tillete (med unntak av eige, pressa plantemateriale)
Meir om hjelpemiddel