BI435 Landskapsøkologi
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kva er landskapsøkologi? Historisk bakgrunn. Landskapsstruktur og dynamikk. Analyse av romlege strukturar, t.d. heterogenitet, fragmentering og konnektivitet. Øybiogeografiteorien og metapopulasjonsomgrepet. Landskapsdynamikk og populasjonsdynamikk. Biodiversitet i landskapet og kvantifisering av dette mangfaldet. Fordjupningstema innanfor m.a. kulturlandskap og viltbiologi. Korleis nytte landskapsøkologien i landskapsplanlegging og -forvaltning.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Forstå kva effekt romlege mønster har på økologiske prosessar hos dyr og plantar
- Forstå korleis skala påverkar økologiske prosessar og vår forståing av desse
- Forstå korleis naturleg og menneskeskapt forstyrring påverkar mønster og dynamikk i landskapet, med særleg fokus på fragmentering
Ferdigheiter
- Evne til å analysere endringar i landskapet ved hjelp av enkle metrics
- Evne til å presentere vitskaplege artiklar og nytte kunnskapen frå desse i landskapsplanlegging
- Evne til å nytte GIS til kartlegging og analysar av endringar i landskapet
Kompetanse
- Kunne overføre økologisk teori til praktisk forvaltning og planlegging av landskap
- Kunne forstå effekten av menneskeleg aktivitet i landskapet og kva effekt dette har på økologiske prosessar
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ei føremon med kunnskap i økologi og Geografiske informasjons system (GIS).
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, kollokviar, studentpresentasjonar av vitskaplege arbeid, prosjektoppgåve med bruk av GIS (grupper), ekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Presentasjon av vitskapleg artikkel.
Gjennomføring av prosjektoppgåve i gruppe (ekskursjon, GIS-lab, presentasjon av oppgåva og innlevering av skrifteleg rapport)
Godkjent prosjektoppgåve er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter (A-F).