BI445 Økologi grunnkurs
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kva er økologi og korleis kan faget nyttast for å forstå naturen og samfunnet rundt oss? Næringssyklusar. Energistraumar i økosystem. Naturtypar og økosystem. Tilpassingar til ulike miljø. Populasjonsøkologi. Samfunnsøkologi og interaksjonar. Landskapsøkologi og anvendt økologi. Mennesket sin påverknad på biodiversitet, økosystem og jordkloden. Økologi som kunnskapsgrunnlag for å løyse lokale og globale utfordringar.
Læringsutbytte
Kunnskap
- grunnleggande økologi og økologiske prosessar og funksjonar
- betydninga av biologisk mangfald
- global endringsøkologi
- anvendt økologi
Ferdigheiter
- bruke økologi for å forstå naturen
- skrive og bruke terminologi og økologi for å forklare og utforske ulike økologiske fenomen
- grunnleggande datainnsamling og analyse
Generell kompetanse
- Formidle økologisk kunnskap, analysar og konklusjonar
- Anvende økologi i naturforvaltining og planlegging
- Forstå betydninga av økologisk kunnskap for å løyse lokale og globale utfordringar i tidsepoken Antropocen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og studentaktiv læring
Obligatorisk læringsaktivitet
Delta på lab og godkjent labrapport
Delta på ekskursjonar
Delta på seminar
Vurderingsform
Semesteroppgave (40%)
Skriftleg eksamen (fleirvalstest; 60%)
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel