BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd l
Innhald og oppbygging
Dei tre emna BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet, BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I samt BRL102 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd II er tre kurs i bruksretta bedriftsøkonomi på til saman 22,5 studiepoeng. Kursa er lagt slik at det er ein naturleg progresjon i den teoretiske vanskegraden og i alle tre kurs blir Excel nytta til bygging av økonomiske modellar.
Målet er å gje studenten nok kunnskapar til å forstå alle aspekt av økonomien til bedrifta. Studenten skal - etter å ha gjennomført alle tre kurs - ha nok kunnskapar til å setje opp ein forretningsplan.
BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd startar med bedriftsøkonomi der hovudfokus vil vere på produktkalkylar kor felleskostnader skal fordelast på fleire ulike produkt ved hjelp av ulike fordelingsnøklar. Spesielt bør studentane ha forståing for kva for ulike typar kostnader, medrekna alternativkostnadene, har å seie for avgjerdene til verksemda. Studentane skal kunne lage modellar i Excel for å kunne rekne ut vinningsoptimal mengde under ulike føresetnader om etterspurnad og strategisk type. Studentane skal også kunne utarbeide enkle driftsrekneskapar og kunne foreta enkle avviksanalysar. Studenten skal kunne forstå finansrekneskapen og kunne rekne ut sentrale nøkkeltal og forstå kva desse kan brukast til. Han skal også forstå samanhengen mellom resultatrekneskapen og balansen.
Sluttevalueringa i alle tre kurs er heimeeksamen enkeltvis eller i grupper over ei eller to veker.
Oppbygging av BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I:
- Kostnadsfordeling og produktkalkylar
- Optimering av produsert mengde
- Driftsrekneskapen og avviksanalysar
- Finansrekneskapen og bruk av nøkkeltall
- Samanhengen mellom resultatrekneskapen og balansen
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Kunnskap om:
formålet med produktkalkylar, driftsrekneskapen og avviksanalysar
finansrekneskapen samt bruken og nytten av nøkkeltal
korleis ulike typer kostnader, herunder alternativkostnadene, påverkar kalkylane
korleis kalkylearbeidet kan effektiviserast ved hjelp av Excel
samanhengen mellom resultatrekneskapen og balansen
Ferdigheiter
Studentane kan:
Utarbeide kalkylar av ulike produkt ved hjelp av Excel
Utarbeide ein driftsrekneskap og foreta avviksanalysar
Rekne ut nøkkeltal ut frå finansrekneskapen og kunne bruke nøkkeltala til å analysere økonomien i ei verksemd
Generell kompetanse
Studenten har:
grunnlag for å forstå korleis ein styrer økonomien i ei verksemd
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveseminar, øvingar med Excel
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt arbeidskrav med munnleg presentasjon. Arbeidskravet skal gjennomførast i gruppe på inntil fire personar.
Vurderingsform
Heimeeksamen i grupper. Tid: 2 veker
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel