BULL101 Barns utvikling, leik og læring
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kunnskapsområdet tek utgangspunkt i barnehagen sitt verdigrunnlag og skal bidra til den faglege innsikta som er nødvendig for å kunne arbeide pedagogisk med leik, læring, omsorg og danning i eit mangfaldig samfunn. Leik er ein livs- og læringsform med eigenverdi og er avgjerande for allsidig utvikling. Syn på barn og barndom sjåast i lys av historiske og samtidige perspektiv, og ligg til grunn for profesjonsetiske refleksjonar. Kunnskapsområdet omfattar erfaring med planlegging, gjennomføring og vurdering av lærings- og utviklingsprosessar for barn i ulik alder og med ulike føresetnader.
Kunnskapsområdet omfattar barnehagepedagogiske tema som kan bidra til å skape eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, tryggheit, anerkjenning, medverknad og utforsking. Kunnskapsområdet er nært knytt til praksis. Gjennom observasjon, refleksjon og utprøvingar skal studenten få innblikk i arbeidet som barnehagelærar og leiar. Studenten skal også ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar.
Praksis i kunnskapsområdet
Det er praksis i kunnskapsområdet
Innhald og oppgåver i praksis skal være i tråd med læringsutbyttet i kunnskapsområdet.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:
- Barnehagens formelle rammer, målsetjingar og verdigrunnlag
- Barns medverknad, syn på barn og barndom
- Teoriar og forsking om barns utvikling, lek, omsorg, læring og danning
- Lek som fenomen og barnehagen som arena for kroppsleg utfalding, utforsking, vennskap og samspel mellom aktørane
- Didaktikk, observasjon og pedagogisk dokumentasjon
- Ulike overgangar knytt til barnehagelivet
- Pedagogisk leiing
Ferdigheiter:
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- Observere og ta i bruk pedagogisk dokumentasjon
- Skape, delta i og oppretthalde omsorgsfulle relasjonar og vise evne og vilje til innleving og anerkjenning av kvart enkelt barn
- Leie samspel med enkeltbarn og i barnegrupper og reflektere fagleg over eiga rolle
- Planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid
- Vere deltakande og inspirerande i leik med barn i ulike miljø
Generell kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- Reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning
- Ha ein anerkjennande veremåte i møte med barns særeigne behov og læring
- Reflektere fagleg om barn sin integritet basert på forståing av barn sin rett til medverknad og syn på barn og barndom
- Praktisere og formidle/grunngi eigen pedagogiske kompetanse
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, seminar og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper.
Praksis
Praksis vil ha fokus på studenten si leiing av seg sjølv og av barn
Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- Vise leiareigenskapar i møte med praksisbarnehagen og reflektera over leiarrolla i møte med barn og barnegruppa.
- planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
- ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
- legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
- reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
- vise evne til å vera profesjonell og oppfylle gitte normer, regler og lover i arbeidslivet
Leiardagane (minimum 3) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 individuelt arbeidskrav
1 arbeidskrav i gruppe
Arbeidskrav blir nærmare presisert ved semesterstart.
Alle arbeidskrav er gyldige i tre påfølgande semester etter avslutning av emnet. Arbeidskrava blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Arbeidskrav må være levert/ gjennomført til fastsett innleveringsfrist for å bli vurdert.
Dersom eit arbeidskrav ikkje blir godkjent, får studenten éin (1) moglegheit til ny innlevering/gjennomføring innanfor ordinært studieforløp for emnet. Nytt forsøk må avviklast innan gitt frist før eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg skoleeksamen 6 timar. Tema/oppgåve blir gitt 2-5 dagar før eksamensdato. Karakterskala: A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Dersom teknisk mogleg: Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver, 2017
Meir om hjelpemiddel