Hopp til innhald

BULLA101 Barns utvikling, lek og læring

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhold og oppbygning

Kunnskapsområdet tek utgangspunkt i barnehagen sitt verdigrunnlag og skal bidra til den faglege innsikta som er nødvendig for å kunne arbeide pedagogisk med leik, læring, omsorg og danning i eit mangfaldig samfunn. Leik er ein livs- og læringsform med eigenverdi og er avgjerande for allsidig utvikling. Syn på barn og barndom sjåast i lys av historiske og samtidige perspektiv, og ligg til grunn for profesjonsetiske refleksjonar. Kunnskapsområdet omfattar erfaring med planlegging, gjennomføring og vurdering av lærings- og utviklingsprosessar for barn i ulik alder og med ulike føresetnader.

Kunnskapsområdet omfattar barnehagepedagogiske tema som kan bidra til å skape eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, tryggheit, anerkjenning, medverknad og utforsking. Kunnskapsområdet er nært knytt til praksis. Gjennom observasjon, refleksjon og utprøvingar skal studenten få innblikk i arbeidet som barnehagelærar og leiar. Studenten skal også ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar.

Praksis i kunnskapsområdet

Det er praksis i kunnskapsområdet

Innhald og oppgåver i praksis skal være i tråd med læringsutbyttet i kunnskapsområdet.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

  • Barnehagens formelle rammer, målsetjingar og verdigrunnlag
  • Barns medverknad, syn på barn og barndom
  • Teoriar og forsking om barns utvikling, lek, omsorg, læring og danning
  • Lek som fenomen og barnehagen som arena for kroppsleg utfalding, utforsking, vennskap og samspel mellom aktørane
  • Didaktikk, observasjon og pedagogisk dokumentasjon
  • Ulike overgangar knytt til barnehagelivet
  • Pedagogisk leiing

 

Ferdigheiter:

Etter fullført emne skal studenten kunne: 

  • Observera og ta i bruk pedagogisk dokumentasjon
  • Skape, delta i og oppretthalda omsorgsfulle relasjonar og vise evne og vilje til innleving og anerkjenning av kvart enkelt barn
  • Lede samspel med enkeltbarn og i barnegrupper og reflektere fagleg over egen rolle
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid
  • Vere deltakande og inspirerande i leik med barn i ulike miljø

 

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • Reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytta til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning
  • Ha ein anerkjennande veremåte i møte med barns særeigne behov og læring
  • Reflektere fagleg om barn sin integritet basert på forståing av barn sin rett til medverknad og syn på barn og barndom
  • Praktisere og formidle/grunngi eigen pedagogiske kompetanse

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, seminar og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper. 

Praksis

Praksis vil ha fokus på studenten si leiing av seg sjølv og av barn

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

 

  • Vise leiareigenskapar i møte med praksisbarnehagen og reflektera over leiarrolla i møte med barn og barnegruppa.
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
  • vise evne til å vera profesjonell og oppfylle gitte normer, regler og lover i arbeidslivet

 

Leiardagane (minimum 3) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

Obligatorisk læringsaktivitet

1 individuelt arbeidskrav

1 arbeidskrav i gruppe

Arbeidskrav blir nærmare presisert ved semesterstart.

 

Alle arbeidskrav er gyldige i tre påfølgande semester etter avslutning av emnet. Arbeidskrava blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Arbeidskrav må være levert/ gjennomført til fastsett innleveringsfrist for å bli vurdert.

Dersom eit arbeidskrav ikkje blir godkjent, får studenten éin (1) moglegheit til ny innlevering/gjennomføring innanfor ordinært studieforløp for emnet. Nytt forsøk må avviklast innan gitt frist før eksamen.

 

Vurderingsform

Skriftleg skoleeksamen 6 timer. Tema/oppgåve blir gitt 2-5 dagar før eksamensdato. Karakterskala: A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemidler ved eksamen

Dersom teknisk mogleg: Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver, 2017

Mer om hjelpemidler