BØ6-2002 Verksemdorganisering-og rekneskapsførarregelverket
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet gir innsikt i ein rekneskapsførar sin rolle og god rekneskapsførarskikk, irekna utfordringar knytt til handsaming og registrering av transaksjonar og hendingar i ei verksemd, samt organisering og intern kontroll.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten
- har god kjennskap til dei reglar som regulerer rettar og plikter for autoriserte rekneskapsførarar, irekna også rekneskapsførar sine erstatningsrettslege plikter
- har god kjennskap til krav, plikter og tilrådingar som kjem fram i god rekneskapsføringsskikk
- kjenner roller og ansvar til styret, dagleg leiar og revisor knyta til ei verksemd
- kjenner dei mest sentrale rutinane i ei verksemd
- kjenner generelle kontrollar og kan reflektera over organisasjonsmessige relasjonar i samband med intern kontroll, irekna tiltak for å sikra effektiv intern kontroll
- kjenner til krav til tryggleik og kontrollar i IKT-system
- har kunnskap om dei grunnleggande bokføringsprinsippa i bokføringsloven og god bokføringsskikk, irekna andre reglar i bokføringslov og rekneskapslov
Ferdigheiter:
Studenten kan
- nytte reglar om rettar og plikter og innhaldet i god rekneskapsføringsskikk irekna risikoregelverket (jf forskrift om risikostyring og internkontroll) og kvitvaskingsregelverk
- analysere systemgenererte rapportar
Generell kompetanse:
Studenten kan
- tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor
- formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar
- sjå emnet i ein større samfunnssamanheng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-1011 Finansrekneskap med analyse
Undervisnings- og læringsformer
Forelesing og oppgåveseminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eit skriftleg arbeidskrav.
Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen på 4 timar. Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling eller utskrift frå Lovdata
Meir om hjelpemiddel