EL2-202 Prosesstyring
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kurset skal gje generell innføring i prosesstyring. Det vert i første rekkje fokusert på automatisering av kontinuerlege prosessar. Det vert lagt mindre vekt på produksjonprosessar/stykkproduksjon.
Læringsutbytte
Kunnskap: Studenten kjenner til:
- dei ulike omgrepa: Sikring, overvaking, styring, regulering, sekvensstyring, reseptstyring.
- norma IEC 61131-3
- norma NORSOK I-005.
- Simatic PLSar
- programmeringsspråka LD og FBD.
- kommunikasjon mellom PLSar og mellom PLSar og HMI system
- bruk av PLS-emulator for uttesting av program (HMI og PLS)
- omgrepet feltbuss
- ulike typar intstrumentering (sensorar, aktuatorar)
- ulike typar automatisk tuning av regulatoar.
- omgrepet «Model Predictive Control»
Ferdigheiter: Studenten kan
- PLS programmeringmiljø.
- Programmeringsmodell for PLS.
- Konstruere robuste programkomponentar programmert med ST.
- Konstruere enkle HMI system med HMI programvare.
- Konstruere enkle kontrollprogram ved bruk av Stukturert Tekst.
- Forstå PID regulator og implementering av PID regulator i ST. -
- Forstå virkemåten til frekvensomformar.
Generell kompetanse
- Kandidaten har kunnskap om prosesstyring, ufordringar innan fagfeltet, og terminologi som høyrer fagfeltet til.
- Kandidaten vil kunne forstå teikningsunderlag for prosessstyringsanlegg og korleis slike anlegg er bygd opp.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2, Datateknikk med programmering
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og laboratorieøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
6 godkjende innleveringar
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 5t (vekt 100%)
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel