EL2-203 Elektronikk og datamaskiner
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Elektronikk, frekvensgang, effektforsterkarar, tilbakekopla forsterkarar, oscillatorar, spenningsforsyningar, to terminal og fire terminal komponentar.
Datamaskiner Prosessor og viktige integrerte krinsar, intern kommunikasjon, interne og eksterne lager, inn/ut system, moderne arkitektur, maskinnær programmering-assembler, grensesnitt (tastatur, mus, seriall port) periferutstyr, mikroprosessorar. Programmere FPGA i Verilog.
Prosjekt med utvikling av eit produkt knytt til faget.
Læringsutbytte
Kunnskap: Studenten
- har innsikt i dei ulike funksjonelle og fysiske elementa i datamaskiner, korleis dei verkar saman, og korleis dei blir kontrollerte av programvare på ulike nivå
- kjenner til dei numeriske systema brukt i datamaskiner
- kjenner til datamaskinarkitektur (element, busser)
- kjenner til deler av datamaskin, spesielt prosessor og minne
- kjenner til serielle og parallelle grensesnitt i datamaskiner
Ferdighet: Studenten kan
- forstå og regne på ulike spenningsregulatorer.
- foreta frekvensanalyse på BJT-transistortrinn.
- forstå og regne på ulike effekttransistortrinn og forstå prinsippet for kjøling.
- forstå og regne på tilbakekoplingsprinsippet i transistorkretsar.
- forstå oscillatorkoplinger.
- forstå korleis firesjiktelementet, tyristoren, triac, diac og andre toterminalkomponentar fungerer.
- - lage, programmere og simulere elektronikk utstyr med VERILOG/VHDL
- - vidareutvikla kompetanse i laboratoriearbeid og skriving av laboratorierapportar
Generell kompetanse
Studenten
- har kunnskap om teknologiens historie, teknologiutvikling, ingeniørens rolle i samfunnet samt konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor eige fagfelt, samt relvante metodar og arbeidsmåtar innanfor ingeniørfaget
- kan identifisere, planlegge og gjennomføre ingeniørfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2, Datateknikk med programmering
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, laboratorieøvingar og prosjektarbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
3 godkjende laboratorieøvingar.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4t. (vekt 60%). Prosjekt (vekt 40%) Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg eksamen: Alle trykte og skrivne. Kalkulator: Alle.
Meir om hjelpemiddel