FK215 Fysikk, Y-veg
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Innføring i naturvitskapleg arbeidsmåte
Lys
Bølgjer
Interferens
Fysikk som målefag
Rettlinja rørsle
Kraft og rørsle
Arbeid og energi
Fysikk i væsker og gassar
Termofysikk
Elektrisitetslære
Atomfysikk
Kjernefysikk
Rapportskriving (lab)
Læringsutbytte
Med bestått mappe i emnet skal kandidaten ha følgjande samla læringsutbyte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Kandidaten har kunnskap om fysiske tema som er grunnleggjande for teknologiske fag.
- Kandidaten kjenner til faget sine sentrale metodar, og kan definere og forklare dei viktigaste omgrepa frå mekanikk, termofysikk, elektrisitetslære, atom- og kjernefysikk.
- Kandidaten kjenner til energiomgrepet og energibruk i det moderne samfunnet, og kan bruke det i fysiske problemstillingar.
- Kandidaten har kunnskap om kva krav som blir stilt til forsøk.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan rekne på kraft og rørsle i to dimensjonar og på termofysiske problemstillingar.
- Kandidaten kan rekne med storleikar og einingar i SI-systemet, og kan utføre omrekning mellom einingar.
- Kandidaten kan teikne koplingsskjema og gjere utrekningar på enkle elektriske krinsar.
- Kandidaten kan identifisere variablar som førekjem i idealiserte modellar med fysiske storleikar i verkelegheita.
- Kandidaten kan gjennomføre forsøksarbeid på ein kvalifisert og sikker måte, gjere målingar, tolke resultat og skrive rapport.
Generell kompetanse
- Kandidaten kan gjere greie for prinsipp for naturvitskapleg tenking.
- Kandidaten kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte seg av fysiske omgrep og storleikar.
- Kandidaten forstår bruk av fysikk i teknologi.
- Kandidaten forstår fysikkfaget sine ambisjonar om å lage kvantitative modellar av fenomen i naturen.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse, eller realkompetanse, eller opptakskrav for Y-vegen eller 2-årig fagskule med tekniske fag.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, rekneøvingar og lab. arbeid (til saman ca. 90 t).
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 90% frammøte. 4 godkjende labøvingar.
Vurderingsform
Mappe: Ei skriftleg innlevering, ein 2-timars prøve, ein heildagsprøve (4t).
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle trykte og skrivne. Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel