Hopp til innhald

GE408 Mineralogi og petrografi

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i krystallografi, og går meir detaljert inn på mineralstruktur og mineralkjemi. Emnet tar for seg systematisk mineralogi og mineralgenese, dei fysiske eigeskap til mineral og korleis ein nyttar desse til systematisk mineralidentifikasjon. Petrografidelen set fokus på mineralogisk klassifikasjon av dei vanlegaste sedimentære, magmatiske og metamorfe bergarter samt en mineralogisk/kjemisk klassifikasjon av magmatiske bergartar. Spesiell vekt leggjast på samansetjing og identifikasjon av bergartane som finnast i Sogn og Fjordane fylket, makroskopisk ved hjelp av handstykker og lupe, og mikroskopisk ved tynnslip.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane skal (a) kunne beskrive og identifisere vanleg førekommande mineral og bergartar i handstykke, (b) kjenne til ulike identifikasjonsmetodar for mineral og bergartar, (c) ha kunnskap om danning og førekomst av mineral og bergart, og (d) kunne utføre mineralogisk klassifikasjon av bergartar.

Ferdigheter

Studentene skal kunne foreta en selvstendig bestemmelse av bergarter og mineraler i felt og være i stand til å bekrefte sine feltanalyser ved makroskopiske og mikroskopiske undersøkelser i laboratoriet.

Generell kompetanse

Studentane skal ha tilstrekkeleg kunnskap om mineral og bergartar for raskt å kunne bygge opp kompetanse i ein jobbsituasjon innanfor bergarts- og mineralorienterte arbeidsplassar, og for å kunne gjennomføre ein første identifikasjon av mineral og bergartar i felt.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet bygger på GE406 Geologi grunnkurs

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og to dagar ekskursjon

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske journal frå øvingane. Obligatorisk feltjournal frå ekskursjon eller presentasjon av ekskursjonsmål i felt.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ikkje-programmerbar lommekalkulator, fargeblyantar, linjal, viskelær.

Meir om hjelpemiddel