GE436 Sedimentologi
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i sedimentologi og i eit utval av sedimentologiske metodar. Til å byrje med vil det bli forklart kva sedimentologi er, kvifor ein studerar emnet og korleis sedimentære bergartar vert klassifisert. Vidare vil studentane bli introdusert for mineral samansetting, klassifikasjon og danning av hovudtypane av sedimentære bergartar (leirstein, sandstein, konglomerat, kalkstein og evaporittar). Ulike transportprosessar og avsetting av sediment og deira betyding for danning av sedimentære strukturar vil bli vektlagt. Føresetnadar for danning av petroleumsførande bergartar vil bli gjennomgått. I øvingane vil studentane få ei innføring i enkelte av dei mest nytta laboratoriemetodane og få øve seg på å beskrive sedimentære bergartar. I feltet vil studentane bli introdusert for ulike typar avsettingsmiljø. Eoliske, fluviale, limniske samt grunne og djupe marine miljø er også fokus for eit seminar der studentane bidreg med lærdom frå feltpraksis.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- Studentane skal ha kjennskap til og kunne anvende dei mest vanlege metodar innan klassisk sedimentologi
- Studentane skal ha forståing av dei geologiske prosessane som ligg bak avsetjinga av sedimentære lausmasser og bergartar
- Studentane skal ha kunnskap om ulike typar trykte og digitale kjelder og sentrale norske fagdatabasar
Ferdigheiter:
- Studentane skal kunne beskrive og sette namn på sediment og sedimentære bergartar
- Basert på samansetting og sedimentære struktur i bergarten eller lausmasse skal studenten kunne tolke avsettingsprosessar
- Studentane skal kunne rekonstruere avsetjingsmiljøet og avsetjingshistoria til sedimentære bergartar eller lausmassar, inkludert storskala klimaendringar
- Studentane skal kunne oppsummere observasjoner gjort i felt ved hjelp av sedimentær logg og skisse i ein skriftleg feltrapport
- Studentane skal kunne søkje og finne fram til aktuell fagleg litteratur i sentrale norske ressursar
Generell kompetanse:
- Studenten skal ha kompetanse til å kunne beskrive sediment og sedimentære bergartar
- Studenten skal kunne gjere greie for avsettingsprosessar og paleo-miljø
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet byggjer på:
GE-406 Geologi grunnkurs
GE-408 Mineralogi og petrografi
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, øvingar, feltekskursjon og seminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjende øvingar (4/4).
Godkjende arbeidskrav før og etter feltpraksis.
Godkjende feltrapportar frå feltpraksis.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar Bokstavkarakter A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Linjal
Meir om hjelpemiddel