Hopp til innhald

ID3-101 Bevegelseslære, anatomi, motorisk læring

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Bevegelseslære, anatomi og motorisk læring fokuserer på basiskunnskap på dei ulike områda. Samla sett skal dette gi grunnlag for å kunne forstå ulike bevegelsesløysingar, vurdere dugleikar og gjennomføre undervisning knytt til dynamisk systemteori.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan beskrive oppbyggingen av og funksjonen til kroppen sitt muskel- og skjelettsystem
  • kjenner til ulike knoklar, ledd og skjelettmusklar sin plassering og funksjon ved bevegelse
  • har kunnskap om grunnleggande teori, metode og omgrep innan motorisk åtferd
  • har kunnskap om undervisningsmetodar innan motorisk læring

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan beskrive bevegelse relatert til funksjonell anatomi
  • kan forklare korleis ulike krefter verkar inn på grunnleggande bevegelsesmønster
  • kan utføre enkle bevegelsesanalysar av utvalgte idrettslege bevegelsar
  • kan gjere greie for sentrale omgrep innan emnet motorisk læring og objektiv og subjektiv vurdering

Generell kompetanse

Studenten

  • har kunnskap om mennesket sin anatomiske oppbygning
  • kjenner til og bruker sentrale mekaniske prinsipp og omgrep til å gjere analysar av grunnleggande bevegelsemønster
  • kan forstå grunnleggande prinsipp for motorisk utvikling, motorisk læring og motorisk kontroll

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Anatomi/Bevegelseslære: To praktiske gjennomføringar i sal og ein kafedialog.

Motorisk læring: To praktiske gjennomføringar i sal.

Vurderingsform

Haustsemesteret: Anatomi og bevegelseslære: Skriftleg, individuell eksamen med gradert karakter (A-F). Eksamenstid 3 timar. Vekting 50%.

Vårsemesteret: Motorisk læring: Skriftleg, individuell eksamen med gradert karakter (A-F). Eksamenstid 3 timar. Vekting 50%.

Kvar eksamen blir vurdert med karakteren A-F. Dei to karakterane blir slått saman til ein karakter. Begge eksamenane må vera bestått. Dersom strykkarakter (F) på ein av eksamenane, treng berre denne eine takast opp att.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel