ID3-104 Aktivitetslære
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Aktivitetslære blir lagt opp som konsentrerte kurs. I desse kursa vil det metodiske stå sentralt saman med eigen kroppsleg erfaring og utvikling av eigenferdigheit. Det blir kurs i lagidrettar, individuelle idrettar, friluftsliv, dans, symjing m/livberging, samt andre aktivitetsformer.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare og bruke sentrale reglar, retningslinjer og fagterminologiar i aktivitetane
- har kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå
Ferdigheiter
Studenten
- kan utøve og syne sentrale ferdigheiter i aktivitetane
- kan vise ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå
Generell kompetanse
Studenten
- kan forklare, observere, analysere og vurdere tekniske, taktiske og didaktiske element i aktivitetane
- kan delta og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
Krav til forkunnskapar
Ingen krav
Undervisnings- og læringsformer
Det er hovudsakleg praktisk undervisning i grupper der teoretisk kunnskap blir integrert. I einskilde kurs er det og teoritimar. Andre læringsformer vil vere knytt til arbeidsoppgåver i gruppe og individuelt.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Minimum 80% oppmøte i kvart av dei ulike kursa i emnet
- Obligatorisk deltaking som objekt i gjennomføring av eksamen ID3-104 002
- Praktisk prøve i livberging i vatn/HLR
- Friluftsliv haust; 2 dagar med 1 overnatting
- Friluftsliv vinter; 2 dagar med 1 overnatting
- Telemark og alpinkurs, 4 dagar med 4 overnattingar
- To skriftleg innlevering (individuell)
- Enkelte kurs har krav om gruppeoppgåve. Dette kjem fram i kursplanane.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatoriske arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell skriftleg eksamen. Tid: Tre timar. Vekting: 40%
Individuell praktisk - metodisk eksamen. Vekting: 60%
Kvar eksamen blir vurdert med karakteren A-F. Dei to karakterane blir slått saman til ein karakter. Begge eksamenane må vera bestått. Dersom strykkarakter (F) på ein av eksamenane, treng berre denne eine takast opp att.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel