ID3-131 PT - Bevegelseslære, anatomi, motorisk læring
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Bevegelseslære, anatomi og motorisk læring fokuserer på basiskunnskap på de ulike områdene. Samla sett skal dette gi grunnlag for å kunne forstå ulike bevegelsesløsninger, vurdere ferdigheiter og gjennomføre undervisning knytt til dynamisk systemteori.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kan beskrive oppbyggingen av og funksjonen til kroppen sitt muskel- og skjelettsystem
- kjenner til ulike knoklar, ledd og skjelettmusklar sin funksjon ved bevegelse
- har kunnskap om grunnleggande teori, metode og omgrep innan motorisk åtferd
- har kunnskap om undervisningsmetodar innan motorisk læring
Ferdigheiter
Studenten
- kan beskrive bevegelse relatert til funksjonell anatomi
- kan forklare korleis ulike krefter verkar inn på grunnleggande bevegelsesmønstermønster
- kan utføre enkle bevegelsesanalysar av utvalgte idrettslege bevegelsar
- kan gjere greie for sentrale omgrep innan emnet motorisk læring og objektiv og subjektiv vurdering
Generell kompetanse
Studenten
- har kunnskap om mennesket sin anatomiske oppbygning
- kjenner til og bruker sentrale mekaniske prinsipp og omgrep til å gjere analysar av grunnleggande bevegelsemønster
- kan forstå grunnleggande prinsipp for motorisk utvikling, motorisk læring og motorisk kontroll
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Anatomi/bevegelsesære: to praktiske gjennomføringar i sal og ein kafedialog
Motorisk læring: To praktiske gjennomføringar i sal.
Vurderingsform
Haustsemesteret: Anatomi og bevegelseslære: Skriftleg, individuell eksamen med gradert karakter (A-F). Eksamenstid 3 timar. Vekting 50%.
Vårsemesteret: Motorisk læring: Skriftleg, individuell eksamen med gradert karakter (A-F). Eksamenstid 3 timar. Vekting 50%.
Kvar eksamen blir vurdert med karakteren A-F. Dei to karakterane blir slått saman til ein karakter. Begge eksamenane må vera bestått. Dersom strykkarakter (F) på ein av eksamenane, treng berre denne eine takast opp att.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel