ID3-134 PT - Aktivitetslære
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Aktivitetslære blir lagt opp som konsentrerte emne/kurs. I desse kursa vil det metodiske stå sentralt saman med utvikling av eigenferdigheit. Det blir kurs i individuelle aktivitetar, aktivitetar i friluft, trening til musikk samt andre ulike trenings- og aktivitetsformer.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om og kan forklare sentrale problemstillingar innanfor ulike aktivitetar
- har brei kunnskap om metodar og teknikkar for dei ulike aktivitetane
- kan forklare teknikkar og øvingar
- kan justere aktivitetane for ulike kundar/brukarar
- kan eit breidt spekter av aktivitetar som er aktuelle å bruke inn i yrket som personleg trenar og/eller instruktør
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende kunnskapen til å planlegge, organisere, gjennomføre, tilrettelegge og rettleie ulike aktivitetar for ulike målgrupper på ulike ferdigheitsnivå
- kan vise ferdigheiter/øvingar samt anvende, analysere og reflektere over sentrale element i aktivitetane
- kan reflektere ovenfor ulike utfordringar med valg av aktivitetar/øvingar innanfor personleg trenar yrket
- kan forklare og bruke sentrale moment og fagterminologi i aktivitetane
Generell kompetanse
Studenten
- kan anvende, formidle og reflektere rundt sentrale aktivitetar og øvingar innanfor fagområdet personleg trenar
- kan planlegge og gjennomføre varierte aktivitetar for ulike grupper/brukarar
- kan formidle fagstoff
- kan utøve og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysere og kome fram til ein konklusjon
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse
Undervisnings- og læringsformer
Det er hovudsakeleg praktisk undervisning i grupper der teoretisk kunnskap blir integrert. I enkelte kurs er det også teoritimar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Minimum 80% oppmøte i undervisninga.
- Gjennomføre 10-timars punktpraksisk
- Godkjent refleksjonslogg frå punktpraksisen
- Praktisk prøve i hjerte- og lungeredning med skrifleg innlevering.
Vurderingsform
Munnleg eksamen med gradert karakter (A-F).