Hopp til innhald

ID3-135 PT - Idrett og samfunn

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Idrettshistorie:

  • Tidleg idrett; 1000-1850
  • Ei ny tid; ca 1850-1910
  • Idretten blir folkeleg; 1910-1940
  • Idretten blir samfunnssak; 1940-1985
  • Enda ein revolusjon? Den nye idretten; 1985-2015

Idrettssosiologi:

  • Idrett, kultur, globalisering
  • Sport, media og kommersialisering
  • Kunnskapssystem, vitenskap og innovasjon
  • Kropp, identitet og fysisk aktivitet
  • Den kjønna idretten
  • Sosial ulikskap: klasse, status, etnisitet
  • Sportens skyggesider
  • Olympiske leikar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om framveksten og utviklinga av den moderne idretten i globalt perspektiv
  • har kunnskap om sentrale problemstillingar innan friluftsliv, kroppsøving, trening, fysisk aktivitet og helse

Ferdigheiter

Studenten

  • kan sjå på idretten i samfunnet frå eit metaperspektiv
  • kan reflektere over idrettshistoriske og idrettssosiologiske problemstillingar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan trekke hovudlinjene i norsk idrettshistorie frå ca år 1000 og fram til i dag
  • kan gjere greie for idrett som idrettssosiologisk fenomen

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eit skriftleg arbeid med påfølgjande presentasjon og etterarbeid.

Vurderingsform

Individuell, skriftleg eksamen Tid: Fire timar. Gradert karakter (A - F), der F er ikkje bestått.