Hopp til innhald

ID3-207 Friluftslivspedagogikk

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet er delt inn i tre delar:

  • Barn og uteskule
  • Friluftslivsvegleiing
  • Gruppe og sikkerheit

Barn og uteskule handlar om relasjonar mellom barn og natur, læreplanar i skuleverket og korleis ein integrerer ulike skulefag inn i friluftsliv.

Friluftslivsvegleiing handlar om vegleiarrolla, korleis ein vegleiar planlegg og gjennomfører turar med ulike grupper.

Gruppe og sikkerheit handlar om gruppeprosessar, risikovurdering (HMS) og sikkerheit knytt til vegleiing i naturen.

Emnet nyttar ekskursjonar, praktiske øvingar og praksis med skuleklassar for å kople teori og praksis.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar i naturen for ulike grupper
  • har kunnskap om natumiljøet som arena for uteskule med grunnlag i læreplanverka
  • har kunnskap om barns friluftsliv og naturens betydning for barns utvikling og leik
  • har kunnskap om pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til friluftsliv
  • har kunnskap om gruppedynamikk og helse miljø og sikkeheit (HMS) knytt til vegleiing i friluftsliv
  • har kunnskap om skriving av fagtekstar og beherskar gjeldande normer for akademisk arbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar i naturen for ulike grupper
  • kan bruke natumiljøet som arena for uteskule med grunnlag i læreplanverka
  • kan redegjøre for barns friluftsliv og naturens betydning for barns utvikling og leik
  • kan nytte pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til vegleiing i friluftsliv
  • kan redegjøre for gruppedynamikk og helse miljø og sikkehet (HMS) knytt til vegleiinig i friluftsliv
  • kan skrive fagtekstar og beherske gjeldande normer for akademisk arbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk praksis for ulike grupper i friluftsliv

Krav til forkunnskapar

Fullført 1.år bachelor idrett eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eget utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentaktive læringsformer som prosjektarbeid og framleggingsoppgåver er sentralt i undervisninga. Fagblogg blir brukt i samband med ekskursjonar.

Ekskursjonar:

  • Uteskule i felt, to - tre dagar
  • Eigenferd, tre dagar (ansvar B3 studentar)
  • Friluftsliv i skogen, to dagar med vegleiar, tre dagar på eigenhand

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Godkjente ekskursjonar: Planlegging, gjennomføring og evaluering
  • Oppmøte til all obligatorisk undervisning
  • Fem godkjente fagblogginnlegg

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell mappe. Gradert karakter (A - F).                                                                                              Eksamen er delt i tre mapper der alle tekstane må vere bestått.

Mappa skal innehalde tre faglege tekstar:

  • ein tekst i Barn og uteskule
  • ein tekst i Friluftslivsvegleiing
  • ein tekst i Gruppe og sikkerheit

Ved karakter F (ny eksamen) leverer studenten ny mappe (alle tekstane). Det er anledning til å arbeide vidare med tidlegare leverte tekstar.