ID3-209 Friluftsliv, kultur og samfunn
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Studenten skal lære om friluftslivets historie og korleis det har utvikla seg som kulturelt fenomen fram til i dag. Friluftslivets mangfald, moglegheiter og betydning i dagens samfunn vil vere sentrale. Vidare vil naturfilosofiske perspektiv på menneske og natur utfordre studentane til kritisk tenking. Forvaltning av norsk natur og friluftsliv vil vere viktig når studentane skal forholde seg til naturområder, moglegheiter, plikter og eventuelle forvaltningsmessige utfordringar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om friluftslivet som eit kulturelt fenomen
- har kunnskap om friluftslivets historiske framvekst og posisjon i Norge
- har kunnskap om friluftslova, allemannsretten og andre relevante lovverk knytt til friluftsliv
- har kjennskap til ulike forvaltningsorgan knytta til friluftsliv
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere om friluftslivets rolle og betydning i dag
- kan drøfte filosofiske perspektiv knytt til forholdet mellom menneske, natur og friluftsliv
- kan drøfte ulike interessekonfliktar knytt til bruk av naturområder
Generell kompetanse
Studenten
- har evne til filosofisk refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta
Krav til forkunnskapar
Fullført Idrett årsstudium eller anna relevant utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformene i dette emnet vil i stor grad vere teoribaserte i form av førelesningar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Ekskursjonar:
- To -tre dagar
Obligatorisk læringsaktivitet
- Godkjenning av to skriftlege arbeidskrav i kultur og samfunn
- Godkjenning av arbeidskrav i naturfilosofi
- Godkjenning av arbeidskrav i forvaltning
- Seks godkjente fagblogginnlegg
- Godkjente ekskursjonar: planlegging, gjennomføring og evaluering
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Vurderinga i emnet består av to eksamenar. Begge eksamenane må vere bestått.
Individuell skriftleg eksamen, gradert karakter (A-F) Tid: Tre timar. Vekting 40%.
Skriftleg heimeksamen, gradert karakter (A-F). Tid: Fem dagar. Vekting 60%.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatt på individuell skriftleg eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt på skriftleg heimeksamen
Meir om hjelpemiddel