ID3-214 Ferdigheitslæring
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet er oppteken av å forstå og gjera greie for korleis utøvarar og elevar i idrett og kroppsøving tileignar seg ferdigheitar og kunnskapar på ulike læringsnivå og i ulike læringskontekstar. Det vert lagt vekt på å utforske spørsmål om læringsprosessar og læringsutbyte frå samfunnsvitskaplege og humanistiske perspektiv. Emnet ser på heilskapen i læringsprosessen til utøvarar og elevar, dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert, føresetnader for læring i form av taus kunnskap og underliggjande verdisyn og ulike læringslandskap.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om ferdigheitslæring for å vurdere og framkalle kompetanse
- har kunnskap om den heilskaplege og nøyaktige skildringa av læringsprosessen til utøvarar og elevar, dvs. vegen deira frå nybegynnar til ekspert
- har kunnskap om teoretiske og praktiske kunnskapsformer og forholdet mellom dei
- har kunnskap om teoriar og omgrep om ferdigheitslæring frå fagfeltet motorisk kontroll og læring, og kunne bruke denne kunnskapen i praktiske, idrettslege aktivitetar
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for sentrale kjenneteikn ved gode læringslandskap
- kan gjere greie for det samansette omgrepet "ferdigheitslæring" frå ulike teoretiske ståstader
- kan gjere greie for Fair-Play-omgrepet som trenar/lærar
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for typiske forskings- og utviklingsarbeid innan ferdigheitslæring
- kan forstå og uttrykkje skilnaden mellom eigen- og nytteverdiar til ferdigheitslæring og kunne nyttiggjere seg av denne skilnaden i arbeidet som trenar/lærar
- kan gjere greie for utviklingstrekk kring ferdigheitslæring i kroppsøving og idrett
- kan sjå eigne samanhengar mellom fleire av punkta ovanfor og utvikla eigne spørsmål og hypotesar om ferdigheitslæring i idrett og kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Fullført første år av bachelorgraden Idrett og Kroppsøving, årsstudium idrett eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentaktive læringsformer gjennom gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid vert vektlagt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fire skriftlege arbeidskrav:
- kortfatta refleksjonsnotat
- filosofisk kafé
- artikkel/essay
- 1. skriftleg utgreiing. 2. lage praktisk opplegg. 3. refleksjonsnotat
*for studentar som har valt trenarutdanning i fotball vil tre av arbeidskrava vera retta mot fotballfeltet
- obligatorisk oppmøte i praktiske timar.
Alle arbeidskrava må vera godkjent for å kunne ta eksamen.
Vurderingsform
Ferdigheitslæring: Individuell skriftleg eksamen med graderte karakterar (A-F), der F er ikkje bestått.
Tid: Fem timar.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel