ID3-216 Aktivitetsfag
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet heng saman med emnet Ferdigheitslæring men er hovudsakleg praktisk retta. Ein skal innom individuelle idrettar, lagidrettar, estetiske idrettar, uteaktivitetar og basistrening. Timane blir lagt opp som konsentrerte emnekurs. I desse kursa vil det metodiske stå sentralt saman med utvikling av eigenferdigheit. Studentane får prøvd ut instruktørrolla i nokre av kursa. Fokuset skal vere på ulike aktivitetar som vert nytta i skule og frivillig idrett. I tillegg vil studentane ha ein praksisperiode i organisert idrett eller kroppsøving der ein søker å få til utvikling av ferdigheit i ein eller fleire idrettar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kan planlegge, organisere, tilrettelegge, gjennomføre og rettleie på ulike nivå i nokre utvalde lagidrettar og individuelle idrettar
- kan erfare og reflektere over eigen ferdigheitsutvikling i nokre utvalde idrettar
Ferdigheiter:
Studenten
- kan kjenne til og bruke metodisk tilnærming i innlæring av ferdigheiter i ulike idrettar
- kan reflektere over kva tilnærming som fungerer godt i høve ferdigheitsutvikling i nokre utvalde idrettar
Generell kompetanse
Studenten
- kjenner til relevant forsking i utvalde idrettar og kroppsøvingsfaget
- har gjennom praksis erfart ferdigheitslæring for ungdom i skule eller frivillig idrett
Krav til forkunnskapar
Fullført første år av bachelorgraden Idrett og Kroppsøving, årsstudium idrett eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og praktiske timar. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigenferdigheiter og meistring av sentrale bevegelsesmønster.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk deltaking i undervisninga. Faglærar kan gje fritak frå fysisk aktiv deltaking ved særlege omstende t.d. skade, etter søknad med legeattest.
For å kunne ta eksamen må studenten ha godkjent følgjande:
- praksis og oppgåver knytt til praksis
- logg eller obligatorisk framføring etter kvart emnekurs
- teoretisk prøve i de ulike delemna
Vurderingsform
Praktisk - metodisk eksamen med munnleg eksaminasjon, 45 minuttar individuell eksamen.