Hopp til innhald

ID3-217 Sport - kultur - leiing

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studiet inneheld følgjande tema:

  • idrett og politikk
  • idrettens organisering
  • sport-medie-komplekset
  • sport, kultur og identitet
  • organisasjonsteori
  • strategi
  • leiing

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om idrettens organisering og fellesskap
  • har kunnskap om framveksten og utviklinga av idrett og media i eit globalt perspektiv
  • har kunnskap om sportsjournalistikk og ulike medietypar (tv, radio, aviser, Internett)
  • har kunnskap om dei overordna strategiske problemstillingane i ein organisasjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere maktforhold i ein organisasjon
  • kan forstå samanhengen mellom idrett og politikk

Generell kompetanse

Studenten

  • har teoretisk innsikt i idretten sin plass i samfunnet
  • kan forstå leiarutfordringar innanfor frivillige og profesjonelle organisasjonar

Krav til forkunnskapar

Fullført 1. år bachelor Idrett og Kroppsøving eller tilsvarande kompetanse.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil gjennomførast som førelesingar, gruppearbeid og studentpresentasjonar. Undervisningsopplegget føreset at studentane førebur seg til undervisninga, er aktive i undervisninga, og arbeider med stoffet mellom førelesingane.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • framlegging av gruppearbeid - idrettspolitikk (obligatorisk oppmøte)
  • eitt individuelt arbeidskrav knytt opp mot observasjonspraksis
  • framlegging av gruppearbeid-seminardagar-kultur og identitet (obligatorisk oppmøte)

For studentar som har valt trenarutdanning i fotball vil arbeidskrava vera retta mot fotballfeltet.

Alle arbeidskrav må vera godkjent for å kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen - Sport og kultur Tid: Fire timar Vekting: 70 %

Individuell munnleg eksamen - Leiing Tid: 30 min pr. student Vekting: 30 %

Gradert karakter (A - F), der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel