Hopp til innhald

ID3-218 Idrettsfordjuping

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Idrettsfordjuping tek opp emne som arbeidskrav- og kapasitetsanalyse, prestasjonsbestemmande faktorar i ulike idrettar, treningsprinsipp, testing av uthald, styrke, hurtigheit og spenst samt evaluering og justering av treningsmetodar for styrke, uthald, spenst og hurtigheit. Studentane skal velje idrett der studentane skal fordjupe seg i dei fysiske parameterane, utvikle testbatteri, lage og gjennomføre øktplanar og evaluere prestasjonsbestemmande faktorar for valt idrett. Idrettsfordjuping er tverrfagleg med treningslære og humanfysiologi som støttefag. Emnet skal kombinere praktisk aktivitet med teoretisk undervisning. Undervisninga er delt i fire delar. Del 1 uthald, del 2 styrke, spenst og hurtigheit og del 3 testing har fellesundervisning for alle studentane. I del 4 vel studentane ein idrett der dei fordjupar seg i dei fysiske krava til idretten. Studentane som har valt trenarutdanning i fotball i bachelorløpet, må velje fotball som valt idrett. Studentane organiserast i mindre grupper ut frå valt idrett med undervisning i sin idrett.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om ulike treningsmetodar og effekten av dei for uthald, styrke, hurtigheit og spenst
  • har kunnskap om korleis å gjennomføre og tolke arbeids- og kapasitetsanalyse for valt idrett

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare fysiske prestasjonsbestemmande faktorar for ulike idrettar
  • kan forklare fysiologiske adapsjonar til ulike treningsmetodar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre og evaluere idrettsspesifikke testar for ulike idrettsgreiner
  • kan utvikle, gjennomføre, evaluere og tilpasse idrettsspesifikke treningsøkter for å betre dei fysiske krava til ulike idrettsgreiner

Krav til forkunnskapar

Fullført første år av bachelorgraden Idrett og Kroppsøving, årsstudium idrett eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Veksling mellom forelesingar og studentaktive læringsformer i form av gruppearbeid, individuelt fordjupingsarbeid og framlegging/innlevering av oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

I emnet skal studentane: 

  • levere fire individuelle skriftlege arbeidskrav
  • obligatorisk undervisning i praktiske aktivitetar

For studentar som har valt trenarutdanning i fotball, vil to av fire arbeidskrav vere retta mot fotballfeltet.

Alle innleveringane må vere godkjent før studenten får gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen. Gradert karakter (A - F), der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel