Hopp til innhald

ID3-219 Coaching

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet i coaching skal gje studentane eit grunnlag for å kunna utøva bevisst leiarskap i rolla si som lærar, trenar eller leiar. Emnet gir innsikt i leiings- og læringsteori med særleg relevans for idretts- og kroppsøvingsfeltet. Trenaren og læraren si coachingrolle som ein del av gruppedynamikken i eit praksisfellesskap er eit viktig tema. Emnet tek opp tilrettelegging av konstruktive læringssituasjonar i idrett, undervisarens kommunikasjons- og rettleiingsverksemd, samt undervisarens praksisteori, kunnskapsbase og refleksjonsarbeid.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande teoriar om leiing og læring med relevans for coaching på idrettsfeltet
  • har pedagogisk kunnskapsgrunnlag som mogeleggjer bevisste idrettsdidaktiske refleksjonar og vurderingar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tilrettelegge og variere coaching i lys av idretten sin eigenart og deltakarane sin erfaringsbakgrunn
  • kan gjennomføre og vurdere kvaliteten i coachingsamtalar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan løfte coachingrolla til eit høgare nivå
  • kan drøfte coachingutfordringar i barne-, ungdoms- og vaksenidretten

Krav til forkunnskapar

Fullført første året av bachelorgraden Idrett og kroppsøving, årsstudium i idrett eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Veksling mellom forelesingar og studentaktive læringsformer i form av gruppearbeid, individuelt fordjupingsarbeid og framlegging/innlevering av oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fire arbeidskrav:

  • kortfatta refleksjonsnotat
  • parvis utprøving av coachingdialog med skriftleg refleksjons-/vurderingsnotat
  • framlegging av eitt gruppearbeid
  • artikkel/essay

*for studentar som har valt trenarutdanning i fotball vil arbeidskrava vera retta mot fotballfeltet.

  • obligatorisk oppmøte i praktiske timar
  • godkjent praksislogg

Alle arbeidskrava må vere godkjente for å kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen over 1 veke (7 dagar). Studentane trekkjer oppgåve. Eksamensvaret skal vera på maks 10 sider, og arbeidet vert vurdert med graderte karakterar (A-F), der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel