ID3-302 Forskingsmetode og bacheloroppgåve i idrett, fysisk aktivitet og helse
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld vitskapsteori, forskingsmetode og oppgåveskriving. Emnet startar med å gi studenten ei innføring i prosessen bak eit vitskapelig arbeid, før studenten sjølv skal gjennomføre ein forskningsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport. Studenten har tilgang til rettleiing i prosessen.
Læringsutbytte
Etter avslutta bacheloroppgåve skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
- har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
- har kunnskap til å kritisk vurdere vitskapeleg litteratur som er relevant for ei problemstilling
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
- kan gjere litteratursøk og kritisk vurdere vitskapelig litteratur som er relevant for ei problemstilling
- kan behandle, analysere og tolke data
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ein skriftlig rapport
Krav til forkunnskapar
Fullført 90 sp frå bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor Idrett og kroppsøving, bacheor Friluftsliv eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Biblioteket underviser i søking i fagretta databasar og kritisk bruk av kjelder.
I arbeidet med bacheloroppgåva skal to studentar arbeider saman om eit forsningsprosjekt.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Innlevering og godkjenning av prosjektskisse
- Innlevering av eitt skriftleg metodearbeid
- Presentere og delta på Work in Progress (WIP)-seminar
Vurderingsform
Skrifteleg bacheloroppgåve i Idrett, fysisk aktivitet og helse, gruppeoppgåve, gradert karakter (A - F)
Studentar som får karakteren F på bacheloroppgåva, kan levere forbetra versjon av same oppgåva ved eitt nytt eksamensforsøk. Dersom studenten får karakteren F også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Nytt svar og ny problemstilling gjeld også for studentar som vil forbetre sin karakter.