Hopp til innhald

ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Fysisk aktivitet brukt som førebygging og opptrening knytt til bl.a. reumatologi, nevrologi-, muskel og skjelettplager, idrettsskadar og graviditet/barsel. Undervisningsmåtar vil være teoretiske forelesninger, gruppearbeid, praktisk aktivitet og praksis.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå
  • har brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse samt korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast ulike diagnosar
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan emnet samt kan oppdatere kunnskapen sin på områda
  • har kunnskap om korleis fysisk aktivitet og trening kan brukast som førebygging og opptrening etter skade og sjukdom

Ferdigheiter

Studenten

  • syner ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå og for personar med ulik helsetilstand
  • kan gjennomføre praktisk arbeid i offentlege og private verksemder

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse
  • kan legge til rette for fysisk aktivitet for personar med behov for tilpassa fysisk aktivitet
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere helsefremmande, førebyggande og behandlande fysisk aktivitet
  • kan samhandle og kommunisere med kundar, pasientar, brukarar, kollegar og andre aktørar innan fagområdet

Krav til forkunnskapar

Fullført 2. år bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse eller tilsvarande utdanning.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vere både teoretisk og praktisk. Det vert lagt opp til individuelt arbeid og gruppearbeid i både munnleg og skriftleg form. To veker valfri praksis med praksisrapport.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte i timar med gjesteforelesarar, gruppeframlegging og i praktiske timar.

To veker valfri praksis, praksisrapport og deltakelse på praksisseminar må vere godkjent for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Individuell praktisk-metodisk eksamen.  

Gradert karakter (A-F).