ID3-317 Fordjuping fotball 1, spelar- og ferdigheitsutvikling
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
- Spelarutvikling
- Ferdigheitsutvikling
- Coaching
- Kampanalyse
Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Norges Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om praktiske ferdigheiter og korleis ein kan jobbe på feltet
- har kunnskap om utvikling av ferdigheiter i fotball med særleg vekt på born og unge
- har kunnskap om toppspelarutvikling
- har kunnskap om strukturell dimensjon og spel- og kampdimensjonen med fokus på forsvarsspel og angrepsspel (analyse)
Ferdigheiter
Studenten
- kan prøve ut spelar- og kampanalyse
- kan utvikle forsvarsspel og angrepsspel, individuelt og relasjonelt
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for fotballen sin rolle i samfunnet
- kan kvalifisere seg som NFF Grasrottrenar (C-lisens) i NFF sin trenarstige
Krav til forkunnskapar
Årsstudium idrett eller anna relevant utdanning
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, gruppe, individuelt arbeid og instruksjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Minimum 80% oppmøte i undervisninga
- Praktiske instruksjonsoppgåver
- Skriftleg arbeidskrav
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell, munnleg eksamen med gradert karakter (A - F). Tid: 30 minutt.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel