Hopp til innhald

KFK8302 Matematikk 1, 1-7, del 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Matematikk 1 del 2, er det andre av to emne i faget matematikk 1 som  kvalifiserer for å undervise i matematikk på trinna 1-7 i grunnskulen. Emnet er både matematikkfagleg og didaktisk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god undervisningskunnskap i rekning, geometri, målingar
  • har kunnskap om emna funksjonar, geometri, statistikk, kombinatorikk og sannsynslære. Kunnskap om det matematikkfaglege innhaldet i ungdomsskulen er også vektlagt
  • har kunnskap om undervisningsmetodar og læringsteoriar i matematikk som mellom anna omfattar språk og kommunikasjon. Studenten har også kunnskap om aktuelle digitale verktøy for matematikk. Han kan lese og uttrykke seg munnleg og skriftleg i matematikk og har kunnskap om rekning som grunnleggande ferdigheit i alle skulefag

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre matematikkundervisning på varierte måtar for trinna 1-7 og vurdere desse. Studenten har blant anna evne til å inkludere elevane og fremje undring, matematisk argumentasjon og kreativitet. Han kan også tilpasse opplæringa til dei ulike elevane og kan blant anna bruke kartleggingsprøver for å vurdere og tilpasse opplæringa til den enkelte elev
  • har gode praktiske ferdigheiter i matematikk av munnleg og skriftleg karakter. Studenten kan også kommunisere med elevar, lytte til og forstå deira tenkjemåtar og løysingsmetodar
  • har erfaring med analyse og arbeid med læreplanen i faget og innhaldet i den pågåande fagfornyinga

Generell kompetanse

Studenten

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i samarbeidsprosjekt med tanke på å forbetre praksis i matematikkfaget

Krav til forkunnskapar

Lærarutdanning (allmennlærar, faglærar, førskolelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning)

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er ein del av satsinga kompetanse for kvalitet. Emnet går over eitt semester, og er delvis samlingsbasert og delvis nettbasert.  Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Du vil få ei innføring i bruken av Adobe Connect etter opptaket.

Emnet har fem arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Emnet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Emnet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er obligatorisk frammøte på nettundervisning.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fem skriftlege innleveringar

Eitt av arbeidskrava skal omhandle utprøving av ny kunnskap i eigen klasse og erfaringsdeling med andre studentar i nettseminar.

Eitt av arbeidskrava skal omhandle arbeid med digital kompetanse i matematikkfaget  

Deltaking i nettundervisninga er obligatorisk

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen. Eksamenstid 6 timar.

Ved sensur av emnet vert det nytta karakterskalaen A-F.