M120UND109 Lærararbeid
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Dette fellesemnet skal leggje grunnen for ei forståing av undervisning, av læraren og lærararbeidet i eit samfunnsmessig, institusjonelt, kulturelt og interkulturelt perspektiv. Med utgangspunkt i nåtida blir det undersøkt korleis lærarprofesjonen har utvikla seg historisk til den posisjon og funksjon han har i dag, og reflektert kritisk omkring framtida til profesjonen. Studentane skal arbeide med forståingsmåtar og forklaringsmodellar som seinare i studiet kan brukast som utgangspunkt for fordjupingsfag og masteroppgåve.
Emne 1 hentar problemstillingar og innhald frå dei ulike fordjupingsfaga og blir forvalta som fellesstoff.
Emnet inneheld 6 dagar med praksisobservasjon.
- drøfting av undervisningsomgrepet sett i relasjon til grunnleggjande didaktiske prosessar som læring, danning, sosialisering
- forsking på lærararbeid og lærarprofesjon i historisk og samtidskulturell samanheng
- kunnskap om kulturelt og språkleg mangfald i undervisning
- studium av læreplanar og læringsressursar
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter avslutta studium har studenten
- kunnskapar om korleis ein kan forstå lærararbeid som kulturaktivitet og samfunnsoppdrag
- kunnskapar om korleis lærararbeid blir styrt av institusjonelle rammer
- kunnskapar om kulturelt og språkleg mangfald i undervisning
Ferdigheiter
Etter avslutta studium kan studenten
- gjere greie for omgrepa "undervisning" og "fag", teoretisk, historisk og samfunnsmessig
- drive forsking på lærararbeid og lærarprofesjon i historisk og samtidskulturell samanheng
- vurdere faktorer som fører til endring av rolla til elev, og av lærerrolla
- beskrive vilkår knytt til digitalisering i skole
- gjere bruk av praksisobservasjon for å kaste lys over sentrale omgrep knytt til lærararbeid
Generell kompetanse
Etter avslutta studium kan studenten
- bruke teoretisk kunnskap for å få innsikt i lærararbeid
- utdjupe og konkretisere kva lærararbeid er
- bruke teoretisk kunnskap til å reflektere over eigen lærarpraksis
Krav til forkunnskapar
Inntakskrav for masterstudiet
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er lagt til 1. semester og går parallelt med Emne 2: Vitskapsteori, metodar og akademisk tekstarbeid. Semesteret startar med førelesingar, litteraturstudiar, gruppearbeid og førebuing til praksisobservasjon. Det vert forventa deltaking i undervisninga. Studentane gjennomfører praksisobservasjonen med utgangspunkt i hovudspørsmålet i emnet: Kva er lærararbeid? Korleis finn ein att ulike aspekt av lærararbeid i det ein observerer i den konkrete praksisen? Kva rammer og overlys set desse aspekta på læring og fag? Gjennom seminarrekkje skal studentane leggje fram observasjonane sine og knyte dei til teori. I samarbeid med lærar skal studenten observere undervisning og/eller anna arbeid knytt til lærarrollen, for å få innsikt i lærararbeid som fenomen. Det kan også vere aktuelt å intervjue lærarar og andre tilsette. I samband med arbeid med emnet skal studentane gjennomføre til saman 6 dagar med praksis. Praksis er obligatorisk og blir vurdert med karakter bestått / ikkje bestått. Læringsutbyte og rammar for praksis er nærare skildra i retningsliner for praksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal leggje fram utkast til semesteroppgåva munnleg. Ved ikkje godkjend blir det gitt tilgang til eitt nytt forsøk. Om ein ikkje får godkjend arbeidskrava, vil ein miste retten til å gå opp til eksamen. Eit godkjend arbeidskrav er gyldig så lenge det er mogelig å gå opp til eksamen etter denne emneplanen.
Vurderingsform
Semesteroppgåve.
Studenten skal skrive ei mindre individuell oppgåve med forskingskarakter, med omfang på maks 2500 ord ekskludert referanseliste. Oppgåva blir gitt tidleg i semesteret, og skal knytast til praksisobservasjon.
Eigne retningslinjer for oppgåva vert gjord tilgjengelig ved semesterstart.
Innleveringsfrist vert annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Karakterskala bestått / ikkje bestått.