Hopp til innhald

M120UND209 Vitskapsteori, metodar og akademisk tekstarbeid

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Vitskapsteori, metodar og akademisk tekstarbeid er eit obligatorisk grunnemne i masterstudiet i undervisningsvitskap. Emnet skal leggje grunnen for den vitskaplege forankringa av studentane sitt eige masterprosjekt, og for at dei seinare kan drive med ulike former for utviklingsarbeid i skole. Studentane skal gjere seg kjende med grunnleggjande vitskapstradisjonar, drøfte relevante retningar innanfor pedagogisk forsking og undersøkje kva følgjer dei får for formulering og gjennomføring av eige forskingsarbeid. I tillegg til å studere og drøfte sentrale vitskapsteoretiske og metodologiske problemstillingar, skal studentane også orientere seg i forsking innanfor sine valde fordjupingsområde.

Emnet består av vitskapsteori, innføring i forskingsmetodar og arbeid med akademisk tekst og korleis desse blir brukt i utdanningsforsking. Sentrale problemstillingar som blir tekne opp, er:

  • Vitskaplege paradigme, vitskapelege grunngjevings- og forklaringsmåtar henta frå naturvitskapane, samfunnsvitskapane, humanvitskapane og pedagogisk forsking
  • Kvalitative metodar som aksjonsforsking og mikroetnografisk metode
  • Kvantitative metodar som standardisert intervju, observasjon og evaluering
  • Organisering av ulike forskingsdesign, operasjonalisering av problemstillingar og kvalitetskriterium for forskingsarbeid
  • Etiske problemstillingar innanfor utdanningsforsking
  • Akademiske teksttradisjonar og tekstformer

Læringsutbytte

Ved fullført studium skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

  • sentrale vitskapsteoretiske tema og tradisjonar innanfor humaniora, samfunnsvitskap og pedagogisk forsking
  • relevante kvantitative og kvalitative forskingsmetodar
  • grunnleggjande etiske problemstillingar innanfor utdanningsforsking
  • argumentasjon og retorikk og ulike sjangrar og typar akademisk tekst
  • sentrale problemstillingar, forskingstradisjonar og skrivekonvensjonar innanfor valt forskingsfelt

Ferdigheiter

  • beskrive grunnleggjande vitskapstradisjonar og diskutere relevante retningar innanfor desse
  • drøfte kva følgjer vitskapstradisjon og metodeval får for formulering og gjennomføring av forskingsarbeid
  • lese og vurdere vitskapelig litteratur frå sitt forskingsfelt

Generell kompetanse

  • velje ut relevant forskingslitteratur i valt forskingsemnet
  • gjere greie for ulike typar forskingsdesign med relevans for arbeidet med masteroppgåva
  • formulere eigne forskingsspørsmål og problemstillingar, og skrive sin eigen forskingsbaserte tekst

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er lagt til første semesteret av masterstudiet, og går parallelt med emne 1: Lærararbeid.

Undervisninga i emnet skjer i form av forelesingar, litteraturstudium, gruppearbeid, seminar, forskingsøvingar og fagdelt gruppearbeid. Det vert forventa deltaking i undervisninga. Praksisobservasjon er knytt til klasseromsforsking / mikroetnografisk metode.

Obligatorisk læringsaktivitet

I arbeidet med akademisk tekst skal studenten skrive og levere inn fire tekstar på 300 til 500 ord, med vekt på ulike sider av akademisk tekstarbeid: 1) samandrag, 2) argumentasjonsanalyse, 3) situasjonsbeskriving og 4) metode.

Retningsliner for desse oppgåvene blir gitt undervegs.

Desse blir vurderte til godkjend / ikkje godkjend. Ved ikkje godkjende obligatoriske arbeidskrav blir det gitt tilgang til eitt nytt forsøk. Om ein ikkje får godkjend arbeidskrava, vil ein misse retten til å gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen, 1 veke.

Oppgåva skal vere på maks 3000 ord der litteraturliste og vedlegg ikkje er inkludert.

Tid for ut- og innlevering av eksamen vert annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel